▓▓ Egen norsk ▓▓

وضعیت
موضوع بسته شده است.

☾♔TALAYEH_A♔☽

کاربر نگاه دانلود
کاربر نگاه دانلود
عضویت
2017/05/18
ارسالی ها
35,488
امتیاز واکنش
104,218
امتیاز
1,376
بسم الله.png

▓▓ Egen norsk ▓▓

به معنای اختصاصی نروژی؛ مختص به زبان نروژی ست و صرفاً جهت تمرین آموزشگاه و درخواست متن اصیل زبان ایجاد شده!
امیدوارم بهره لازم را ببرید=*)
 
  • پیشنهادات
  • ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språklæring mot Alzheimer
    Den som vil halde hjernen i form opp i alderdommen, bør lære språk. Språkkunnskap kan verne mot demens. Det har fleire vitskaplege studiar vist. Kor gamal du er når du lærer eit nytt språk, spelar inga rolle. Det viktige er at hjernen får trening jamnleg. Å lære nye ord aktiverer ulike område i hjernen. Desse områda styrer viktige tankeprosessar. Folk som kan fleire språk, er dessutan meir merksame. Dei er òg betre til å konsentrere seg. Å vere fleirspråkleg har andre fordeler i tillegg. Fleirspråklege menneske er betre til å bestemme seg. Dei kjem fram til avgjerder fortare. Det er fordi hjernen deira har lært å gjere val. Hjernen kjenner minst to omgrep for same sak. Kvart av desse omgrepa utgjer eit mogleg val. Difor må fleirpråklege konstant gjere val. Hjernen deira har øving på å velje mellom fleire saker. Denne treninga hjelper ikkje berre språksenteret. Fleire område i hjernen har godt av å lære fleire språk. Språkkunnskap fører òg til betre kognitiv kontroll. Sjølvsagt kan ikkje språkkunnskap hindre demens, men sjukdomen utviklar seg saktare hjå fleirspråklege. Hjernen deira ser ut til å vere betre i stand til å kompensere for sjukdomen. Symptoma på demens er ikkje så tydelege hjå dei som lærer språk. Forvirringa og gløymska er ikkje så alvorlege. Gamal og ung har dermed like stor nytte av å lære språk. Og: for kvart språk blir det lettare å lære eit nytt. I staden for medisinar burde vi gripe til ordboka!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Pratar vi alle «afrikansk»?
    Ikkje alle av oss har vore i Afrika. Det kan derimot sjå ut som om alle språk har vore der! Det trur i alle fall nokre vitskapsfolk. Etter deira meining ligg opphavet til alle språk i Afrika. Derifrå har dei breidd seg utover heile verda. Til saman finst det meir enn 6.000 ulike språk. Dei skal visstnok alle ha afrikanske røter. Forskarar har samanlikna fonema i ulike språk. Fonem er dei minste meiningsberande elementa i språk. Viss du endrar eit fonem, endrar du meininga av eit ord. Eit døme frå engelsk kan tydeleggjera det. På engelsk er «tip» og «dip» forskjellige ting. Altså er /d/ og /t/ ulike fonem på engelsk. I afrikanske språk er det flest av desse lydforskjellane. Det blir tydeleg færre av dei di lenger bort frå Afrika du kjem. Nettopp i dette finn forskarane eit prov for teorien sin. Folkesetnader som spreier seg, blir meir einsarta. Den genetiske variasjonen deira blir mindre i yttergrensa. Det er fordi talet på «nybyggjarar» blir mindre. Di færre gen som vandrar ut, di meir einskapleg blir folkesetnaden. Det blir færre moglege genvariantar. Difor er medlemmane i den utvandra populasjonen genetisk likare. Vitskapsfolk kallar dette ein nybyggjareffekt. Då menneska vandra ut frå Afrika, tok dei språket med seg. Få utvandrarar har òg få fonem med seg. Difor har enkelte språk vorte meir eins gjennom tida. At homo sapiens kom frå Afrika, verkar for å vere prova. Vi er spente på om det gjeld for språket deira òg...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Alfabet
    Med språk kan vi gjere oss forstått. Vi seier til andre kva vi tenkjer eller føler. Skrifta har òg denne funksjonen. Dei fleste språk har ei skrift. Skrifta er bygd opp av teikn. Teikna kan sjå forskjellige ut. Mange skrifter er bygde opp av bokstavar. Desse skriftene heiter alfabet. Eit alfabet er ei ordna mengd med grafiske teikn. Desse teikna blir sette saman til ord etter bestemte reglar. Kvart teikn har ei fast uttale. Ordet alfabet kjem frå gresk. Der heiter dei to fyrste bokstavane alfa og beta. Gjennom historia har det funnest mange ulike alfabet. For meir enn 3000 år sidan brukte menneska skriftteikn. Tidlegare var skriftteikna magiske symbol. Berre få menneske visste kva dei tydde. Seinare har teikna mista den symbolske tydinga. Bokstavane i dag tyder ingenting i seg sjølve. Det er fyrst i kombinasjon med andre bokstavar dei får ei meining. Skrifter som den kinesiske fungerer annleis. Dei ser ut som små bilete, og viser ofte det dei tyder. Når vi skriv, kodar vi tankane våre. Vi bruker teikn for å fastsetje kunnskapen vår. Hjernen vår har lært å avkode alfabetet. Teikn blir til ord, ord blir til idear. På denne måten kan ein tekst overleve i tusenvis av år. Og framleis kan han bli forstått...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Morsmålsdagen
    Elskar du morsmålet ditt? Då bør du feire det for framtida! Og alltid den 21. februar! Det er den internasjonale morsmålsdagen. Sidan 2000 har han vore feira kvart år. UNESCO oppretta dagen. UNESCO er ein organisasjon i Dei sameinte nasjonane (FN). Dei er opptekne av emne kring vitskap, utdanning og kultur. UNESCO vil ta vare på den menneskelege kulturarven. Språk er òg kulturarv. Difor må dei bli verna, dyrka og fremja. Den 21. februar er dagen for språkleg mangfald. Det finst mellom 6000 og 7000 språk i verda. Halvparten av dei er utryddingstruga. Annakvar veke forsvinn eit språk for alltid. Kvart språk er ein dyrebar skatt av kunnskap. Kunnskapen til eit folk er samla i språket deira. Historia til ein nasjon speglar seg i språket. Røynsler og tradisjonar blir òg førte vidare i språka. Difor er morsmålet ein viktig del av den nasjonale identiteten. Når eit språk døyr ut, mistar vi meir enn berre ord. 21. februar er dagen for å minnast alt dette. Menneske bør forstå kor viktige språk er. Og dei bør tenkje over kva dei kan gjere for å ta vare på språk. Så vis språket ditt at det er viktig for deg! Kanskje du kan bake ei kake til språket ditt? Og skriv noko fint med sukkerglasuren. På morsmålet ditt, sjølvsagt!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språk og dialektar (ikkje alt innhald i teksten stemmer for Noreg)
    Det finst mellom 6000 og 7000 språk i verda. Talet på dialektar er sjølvsagt langt høgare. Men kva er skilnaden på eit språk og ein dialekt? Dialektar er alltid farga av staden dei er frå. Dei høyrer altså til dei regionale språkvariantane. Dermed er dialektane den språkforma med minst rekkjevidd. Som regel blir dialektane berre tala, ikkje skrivne. Dei lagar sitt eige språksystem. Og dei fylgjer eigne reglar. Teoretisk kan alle språk ha mange dialektar. Alle dialektane fell innunder standardspråket i landet. Standardspråket blir forstått av alle menneske i eit land. Med det språket kan sjølv fjerntliggjande dialektbrukarar samtale. Nesten alle dialekter blir mindre viktige. I byane høyrer du knapt dialektar meir. I yrkeslivet òg blir standardspråket meir brukt. Difor blir dialektbrukarar sett på som uutdanna bygdafolk. Likevel finst dei i alle sosiale lag. Dialektbrukarar er ikkje mindre intelligente enn andre. Tvert imot! Den som pratar ein dialekt, har fleire fordelar. Til dømes på eit språkkurs. Dialektbrukarar veit at det finst forskjellige språkformer. Og dei har lært å veksle raskt mellom ulike språkstilar. Difor har dialektbrukarar ein høgare kunnskap om språkvariasjonar. Språkkjensla deira fortel dei kva språkstil som passar til ulike situasjonar. Det er til og med prova vitskapleg. Altså: Hald på dialekten din – det løner seg!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Internasjonalismar
    Globalisering stoppar ikkje ved språk. Det er tydeleg på eit auka tal internasjonalismar i språket. Internasjonalismar er ord som finst i fleire språk. Desse orda har same eller liknande tyding. Uttalen er ofte den same. Skrivemåten er oftast òg særs lik. Det er interessant korleis internasjonalismar spreier seg. Dei tek ikkje omsyn til grenser. Ikkje geografiske. Og slett ikkje språklege. Det finst ord som blir forståtte på kvart einaste kontinent. Ordet «hotell» er eit døme på det. Det finst stort sett over heile verda. Fleire internasjonalismar kjem frå vitskapen. Tekniske omgrep spreier seg òg vidt og breitt. Gamle internasjonalismar har ei felles rot. Dei er utvikla frå same ordet. For det meste er internasjonalismane lånord. Det tyder at orda heilt enkelt er vorte tekne opp i andre språk. Kulturkrinsen spelar ei viktig rolle ved ordovertakinga. Kvar sivilisasjon har sine eigne tradisjonar. Difor festar ikkje alle nye omgrep seg overalt. Kulturelle normer avgjer kva som blir ført inn i språket. Mange ting finst berre i nokre delar av verda. Andre ting breier seg snøgt og over heile verda. Men berre når ein ting spreier seg, spreier namnet på tingen seg. Akkurat det gjer internasjonalismar så spennande! Når vi utforskar språk, utforskar vi òg alltid kulturar...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Tankar og språk
    Tankane våre avheng av språket vårt. Ved å tenkje «snakkar» vi med oss sjølve. Difor påverkar språket korleis vi ser på ting. Men kan vi tenkje det same trass i at vi har ulike språk? Eller tenkjer vi ulikt fordi vi snakkar ulikt? Kvart folk har sitt eige ordforråd. I fleire språk manglar visse ord. Det finst folkeslag som ikkje skil mellom grønt og blått. Språkbrukarane har same ordet for båe desse fargene. Og dei har vanskelegare for å kjenne frå kvarandre enn andre folk! Dei kan ikkje identifisere fargetonar og blandingsfarger. Språkbrukarane har vanskar med å skildre fargene. Andre språk har berre nokre få talord. Språkbrukarane tel mykje dårlegare. Så finst det språk som ikkje har ord for høgre og venstre. Her talar dei om nord, sud, aust eller vest. Dei er særs flinke til å orientere seg geografisk. Dei forstår derimot ikkje omgrepa venstre og høgre. Sjølvsagt påverkar ikkje berre språket tankane våre. Både miljøet og kvardagen vår påverkar tankane våre. Kva rolle spelar altså språket? Set det grenser for kva vi kan tenkje? Eller har vi berre ord for det vi tenkjer? Kva er årsaka, og kva er verknaden? Det finst ikkje svar på alle desse spørsmåla. Hjerne- og språkforskarar er opptekne av spørsmåla. Men emnet er viktig for oss alle... Du er det du seier?!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språkfamiliar
    Det bur om lag 7 milliardar menneske på jorda. Og dei pratar om lag 7000 forskjellige språk! Som menneske, kan språka òg vera i slekt. Det tyder at dei stammar frå eit feller urspråk. Det finst òg språk som er heilt isolerte. Dei er ikkje genetisk i slekt med noko anna kjent språk. I Europa er baskisk eit døme på eit isolert språk. Dei fleste språk har både foreldre, born og sysken. Dei høyrer til ein bestemt språkfamilie. Du kan finne ut kor like språka er ved å samanlikna dei. Språkforskarar reknar i dag med om lag 300 genetiske einingar. Mellom desse er det 180 familiar som inneheld meir enn eitt språk. Om lag 120 isolerte språk utgjer resten. Den største språkfamilien er den indoeuropeiske. Han omfattar om lag 280 språk. Mellom dei er dei romanske, germanske og slaviske språka. Det er meir enn 3 milliardar språkbrukarar på alle kontinent! Den sinotibetanske språkfamilien dominerer i Asia. Han har meir enn 1,3 milliardar språkbrukarar. Det viktigaste sinotibetanske språket er det kinesiske. I Afrika har den tredje største språkfamilien heime. Han har namn etter utbreiingsområdete: Niger-Kongo. «Berre» 350 millionar språkbrukarar høyrer til denne språkfamilien. I denne språkfamilien er swahili det viktigaste språket. Oftast gjeld at nær slekt tyder betre forståing. Menneske som snakkar nærskylde språk, kan forstå kvarandre godt. Dei kan lære det andre språket nokså snøgt. Altså er det berre å lære språk – slektstemne er alltid triveleg!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Det konstruerte språket esperanto
    Engelsk er det viktigaste verdsspråket i dag. Alle bør vere i stand til å samtale på det språket. Men andre språk vil òg nå dette målet. Til dømes dei konstruerte språka. Konstruerte språk blir utvikla og utarbeidde medvete. Dei har ein plan for korleis dei skal lagast. I konstruerte språk blir element frå ulike språk blanda. Dermed burde dei vere lette å lære for flest mogleg menneske. Målet for dei konstruerte språka er altså den internasjonale kommunikasjonen. Det mest kjente av dei konstruerte språka er esperanto. Det vart fyrst presentert i 1887 i Warzawa. Grunnleggjaren var legen Ludwik L. Zamenhof. Han meinte at kommunikasjonsproblem var hovudgrunnen til ufred. Difor ville han lage eit språk som kunne binde saman folk. Med det språket skulle alle menneske tale saman på like fot. Tilnamnet på legen var Dr. Esperanto, den håpefulle. Det viser kor mykje han trudde på draumen sin. Ideen om universell forståing er rett nok mykje eldre. Til no er det utvikla fleire forskjellige konstruerte språk. Dei er ofte tilknytte verdiar som toleranse og menneskerettar. I dag blir esperanto tala i meir enn 120 land. Det finst òg kritikk mot esperanto. Til dømes kjem 70% av ordforrådet frå romanske språk. Elles er esperanto tydeleg indoeuropeisk prega. Esperanto-brukarane utvekslar idear på konferansar og i klubbar. Dei organiserer treff og føredrag regelmessig. No, har òg fått lyst til å lære esperanto? Ĉu vi parolas Esperanton? – Jes, mi parolas Esperanton tre bone!
     
    وضعیت
    موضوع بسته شده است.
    بالا