▓▓ Egen norsk ▓▓

وضعیت
موضوع بسته شده است.

☾♔TALAYEH_A♔☽

کاربر نگاه دانلود
کاربر نگاه دانلود
عضویت
2017/05/18
ارسالی ها
35,488
امتیاز واکنش
104,218
امتیاز
1,376
Morsmål? Farsmål!
Kven lærte du språk frå då du var barn? Du vil sikkert svare: frå mor mi! Det tenkjer dei fleste menneske i verda. Omgrepet «morsmål» finst hjå mest alle folkeslag. Både engelskmenn og kinesarar kjenner til det. Kanskje fordi mødrer bruker meir tid saman med borna sine. Nyare studiar har kome til andre resultat. Dei viser at språket vårt for det meste er språket til fedrane. Forskarar har undersøkt arvestoffet og språka frå blanda stammar. I slike stammar kjem foreldra frå ulike kulturar. Desse stammane oppsto for fleire tusen år sidan. Store folkevandringar var grunnen til det. Arvestoffet frå desse blanda stammane vart analysert genetisk. Så vart arvestoffet samanlikna med språket til stammen. Dei fleste stammefolka prata språket til dei mannlege forfedrane sine. Det tyder at språket i landet høyrer til Y-kromosomet. Mennene har altså teke med språket sitt til framande land. Og kvinnene der har sidan teke over det nye språket til mennene. Men i dag òg har fedrane stor påverknad på språket vårt. Fordi småborn orienterer seg mot språket til fedrane når dei lærer. Fedrar pratar klart mindre med borna sine. Menn har òg enklare setningsbygning enn kvinner. Dermed er språket til fedrane betre eigna til småborn. Det er ikkje overveldande for dei, og dermed lettare å lære. Difor imiterer born heller far enn mor når dei snakkar. Seinare pregar ordtilfanget til mora språket til barnet. På denne måten påverkar både mor og far språket vårt. Det burde dermed heite foreldremål!
 
  • پیشنهادات
  • ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Romanske språk
    700 millionar menneske har eit romansk språk som morsmål. Den romanske språkgruppa høyrer dermed til dei viktigaste i verda. Romanske språk høyrer til i den indoeuropeiske språkfamilien. Alle romanske språk stammar frå latin. Det tyder at dei er etterkomarar av språket i Roma. Grunnlaget for alle dei romanske språka var vulgærlatin. Med det meiner vi talespråket latin i seinantikken. Vulgærlatinen vart breidd utover Europa ved erobringane til romarane. Frå dette språket utvikla dei romanske språka og dialektane seg. Latin er sjølv eit italisk språk. Til saman finst det rundt 15 romanske språk. Det nøyaktige talet er vanskeleg å slå fast. Ofte er det uklart om det handlar om sjølvstendige språk eller dialektar. Nokre romanske språk har døydd ut gjennom tida. Men nye språk på romansk grunnlag har kome til. Det er kreolspråk. I dag er spansk det største romanske språket i verda. Det høyrer til verdsspråka, og har meir enn 380 millionar brukarar. For vitskapsfolk er dei romanske språka særs interessante. Fordi historia til denne språkgruppa er godt dokumentert. Latinske eller romanske tekstar har funnest i 2500 år. Lingvistar bruker dei til å undersøkje korleis dei einskilde språka oppstod. På den måten kan dei undersøkje reglane for korleis språk utviklar seg. Mange av resultata frå forskinga kan overførast til andre språk. Grammatikken til dei romanske språka er bygd over same leist. Fyrst og fremst er ordtilfanget i språka temmeleg likt. Om du pratar eit romansk språk, kan du enkelt lære eit anna. Takk, latin!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språk og skrift
    Kvart språk tener til kommunikasjon mellom menneske. Når vi pratar, uttrykkjer vi kva vi tenkjer og føler. Når vi gjer det, held vi oss ikkje alltid til reglane i språket vårt. Vi brukar vårt eige språk, daglegtalen vår. Det er annleis i skriftspråket. Her viser alle reglane i språket seg. Skrift er det som gjer eit språk til eit verkeleg språk. Ho gjer språket synleg. Gjennom skriftspråket blir tusenår med kunnskap ført vidare. Difor er skrifta grunnlaget for ein kvar høgt utvikla kultur. Den fyrste skrifta vart funnen for over 5000 år sidan. Det var kileskrifta til sumerarane. Ho vart teikna på tavler av leire. Denne kileskrifta vart brukt i tre tusen år. Omtrent like lenge fanst hieroglyfane til dei gamle egyptarane. Tallause vitskapsfolk har brukt krefter på dei. Hieroglyfane utgjer eit nokså komplisert skriftsystem. Dei vart likevel truleg oppfunne av ein ganske enkel grunn. Det gamle egyptarriket var ovstort og folkerikt. Kvardagen og framfor alt økonomien trong organisering. Skattar og rekneskapar kravde effektiv statsforvalting. Difor utvikla dei gamle egyptarane skriftteikna sine. Alfabetiske skriftsystem, på andre sida, kjem frå sumerarane. Kvart skriftsystem seier mykje om dei menneska som brukar skrifta. Vidare viser kvar nasjon fram eigenskapane sine i skrifta si. Diverre er kunsten å skrive for hand i ferd med å gå tapt. Moderne teknologi gjer handskrift nærast overflødig. Difor: Ikkje berre snakk, men skriv meir òg!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Germanske språk
    Dei germanske språka høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien. Denne språkgruppa har fonologiske kjenneteikn. Forskjellar i lydsystemet skil desse språka frå andre språk. Det finst om lag 15 germanske språk. Dei er morsmålet til 500 millionar menneske over heile verda. Talet på einskildspråk er vanskeleg å fastsetje. Ofte er det uklart om det handlar om sjølvstendige språk eller dialektar. Det viktigaste germanske språket er engelsk. 350 millionar menneske i verda har det som morsmål. Så kjem tysk og nederlandsk. Dei germanske språka blir delte inn i ulike undegrupper. Det finst nordgermanske, vestgermanske og austgermanske språk. Nordgermanske språk er dei skandinaviske språka. Engelsk, tysk og nederlandsk er dei vestgermanske språka. Dei austgermanske språka er alle utdøydde. Til desse høyrte til dømes gotisk. Kolonialiseringa har breidd dei germanske språka ut over heile verda. Difor blir nederlandsk forstått i Karibia og Sør-Afrika. Alle dei germanske språka kjem frå same rota. Men det er ikkje klart om det fanst eit einskapleg opphavsspråk. Og elles finst det berre nokre få gamle germanske tekstar. Ulikt dei romanske språka, finst det knapt kjelder. Difor er det vanskelegare å forske på dei germanske språka. Vi veit nokså lite om kulturen til germanarane òg. Dei germanske folka var ikkje éin einskap. Det fanst ingen sams identitet. Difor må vitskapen stole på andre kjelder. Utan grekarane og romarane ville vi visst lite om germanarane!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Tips for å lære framandspråk
    Det er alltid slitsamt å lære eit nytt språk. Uttale, grammatikkreglar og ordforråd krev mykje disiplin. Likevel finst det ulike triks som gjer læringa lettare! Fyrst av alt er det viktig å tenkje positivt. Gled deg over det nye språket og over nye røynsler! Kva du byrjar med, er i prinsippet likegyldig. Finn eit emne som du er spesielt interessert i. Det er fornuftig å konsentrere seg fyrst om å høyre og prate. Seinare les og skriv du tekstar. Lag eit system som passar til deg og kvardagen din. Når du lærer adjektiv, kan du gjerne lære dei motsette adjektiva med det same. Eller heng opp plakatar overalt i huset ditt med ord du vil lære. Du kan bruke lydfiler å høyre på når du driv idrett eller køyrer bil. Om du synest eit emne er særleg vanskeleg, stoppar du opp. Ta ein pause, eller lær om noko anna! Slik mistar du ikkje lysten til å lære det nye språket. Det er moro å løyse kryssord på det nye språket. Filmar på framandspråket syter for avveksling. Med framandspråklege aviser lærer du mykje om land og folk. På internett finst det mange øvingar som supplerer bøkene bra. Og finn vener som òg synest det er moro med språk. Ikkje studer nytt stoff for seg sjølv, men alltid i samanheng! Repeter stoffet ofte! På denne måten kan hjernen din få innprenta stoffet betre. Den som har fått nok av teori, bør pakke kofferten sin! For du lærer ikkje språket så snøgt nokon stad som hjå morsmålsbrukarar. På reisa di kan du skrive dagbok over det du lærer. Men det viktigaste er dette: Gje aldri opp!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Slaviske språk
    Slaviske språk er morsmål for 300 millionar menneske. Dei slaviske språka høyrer til den indoeuropeiske språkgruppa. Det finst om lag 20 slaviske språk. Det største av dei er russisk. Meir enn 150 millionar pratar russisk som morsmål. Så fylgjer polsk og ukrainsk, med om lag 50 millionar brukarar kvar. I språkvitskapen blir dei slaviske språka delte i fleire undergrupper. Det finst vestslaviske, austslaviske og sørslaviske språk. Dei vestslaviske språka er polsk, tsjekkisk og slovakisk. Russisk, ukrainsk og kviterussisk er dei austslaviske språka. Dei sørslaviske språka er serbisk, kroatisk og bulgarsk. Ved sidan av desse finst det mange fleire slaviske språk. Men desse blir tala av relativt få menneske. Dei slaviske språka stammar frå eit felles opphavsspråk. Dei einskilde språka har utvikla seg nokså seint frå dette opphavsspråket. Dei er altså yngre enn dei germanske og romanske språka. Størstedelen av orda i dei slaviske språka liknar kvarandre. Det kjem av at dei fyrst nokså seint skilde lag. Frå eit vitskapleg synspunkt er dei slaviske språka konservative. Det tyder at dei framleis inneheld mange gamle strukturar. Andre indoeuropeiske språk har tapt desse gamle formene. Difor er dei slaviske språka særs interessante for forskinga. Ut frå dei kan vi finne ut mykje om tidlegare språk. På denne måten vonar forskarane å rekonstruere indoeuropeiske språk. Eit særmerke på slaviske språk er at dei har få vokalar. Dessutan finst det mange lydar som ikkje finst på andre språk. Særleg vesteuropearar har difor ofte problem med uttala. Men ikkje ver redd – det kjem til å gå bra! På polsk: Wszystko będzie dobrze!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språk og ordspråk
    I alle språk finst det ordspråk. Dermed er ordspråk ein viktig del av den nasjonale identiteten. Ordspråka viser verdiane og normene i eit land. Forma deira er allmennt kjent og fastlagt, og blir altså ikkje endra. Ordspråka er alltid korte og poengterte. Ofte blir det brukt metaforar i dei. Fleire ordspråk er òg poetisk oppbygde. Dei fleste ordspråka gjev oss råd eller reglar for åtferd. Mange ordspråk gjev òg tydeleg kritikk. I tillegg brukar ordspråka ofte stereotypar. Det handlar altså om det vi ser som typisk med andre land eller folk. Ordspråka har særs lange tradisjonar. Aristoteles verdsette dei som korte filosofiske stykke. I retorikken og litteraturen er dei viktige verkemiddel. Det merkelege er likevel at dei alltid er aktuelle. I lingvistikken er det ei eiga grein berre for ordspråk. Mange ordspråk finst på fleire språk. Dermed kan dei vera leksikalsk like. I desse tilfella brukar ulike språkbrukarar dei same orda. Bellende Hunde beißen nicht, Perro que ladra no muerde. (DE-ES) Andre ordspråk er semantisk like. Det tyder at det same innhaldet blir formidla med andre ord. Appeler un chat un chat, Dire pane al pane e vino al vino. (FR-IT) Ordspråka hjelper oss på den måten å forstå andre folk og kulturar. Internasjonale ordspråk er særs interessante. Der handlar det om «store» emne frå menneskelivet. Desse ordspråka handsamar altså allmenne røynsler. Dei viser: Vi er alle like, uansett kva språk vi snakkar!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Pausar er viktige for god læring
    Den som vil lære godt, bør ofte ta ein pause! Nye vitskaplege studiar har kome fram til denne slutninga. Forskarar har undersøkt fasane i læringa. Dei gjorde dette ved å simulere ulike læresituasjonar. Vi lærer best når vi får informasjon i små porsjonar. Det tyder at vi ikkje bør lære for mykje på ein gong. Vi bør alltid ta pausar mellom læringseiningane. Vellukka læring er nemleg avhengig av biokjemiske prosessar. Desse prosessane skjer i hjernen. Dei avgjer kva som er den beste læringssyklusen vår. Når vi lærer noko nytt, skil hjernen ut visse stoff. Desse stoffa verkar inn på aktiveten i hjernecellene våre. Spesielt to ulike ensym spelar ei viktig rolle der. Dei blir skilde ut når vi lærer nytt innhald. Men dei blir ikkje skilde ut på same tid. Det er ein tidsskilnad i verknaden av dei. Vi lærer best når båe ensyma er til stades på same tid. Og vi får langt større suksess når vi tek oftare pausar. Difor er det fornuftig at vi varierer kor lenge dei ulike lærefasane varar. Lengda på pausane bør òg vera ulik. Det beste er å ta to pausar på ti minutt kvar i starten. Så kjem ein pause på fem minutt. Så tek vi endå ein pause på 30 minutt. I pausane prentar hjernen inn den nye kunnskapen. Når vi har pausar, bør vi forlata arbeidsplassen. Dessutan er det bra å røre på seg i pausane. Så gå deg ein liten tur mellom læreøktene! Og du treng ikkje ha dårleg samvit for det – du lærer jo!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Positive språk, negative språk
    Dei fleste er anten optimistar eller pessimistar. Det kan høve for språk òg! Forskarar undersøkjer jamnleg ordforrådet i ulike språk. Då gjer dei ofte overraskande funn. På engelsk finst det til dømes fleire negative enn positive ord. Det finst om lag dobbelt så mange ord for negative kjensler. I vestlege samfunn påverkar ordforrådet språkbrukarane. Folk der klagar ganske ofte. Og dei kritiserer mange ting. Difor brukar dei eit meir negativt farga språk. Men negative ord er interessante av andre grunnar òg. Dei inneheld nemleg meir informasjon enn positive uttrykk. Årsaka til dette kan liggje i utviklingshistoria vår. For levande vesen har det alltid vore viktig å kjenne att farar. Dei måtte reagere raskt på risikoar. Dessutan ville dei åtvare andre menneske om farar. Difor var det naudsynt å gje vidare mykje informasjon fort. Med færrast mogleg ord måtte det seiast mest mogleg. Bortsett frå det, har ikkje negativt språk nokon verkelege fordelar. Det kan ein kvar lett førestelle seg. Folk som berre pratar negativt, blir sikkert ikkje sett så stor pris på. Dessutan verkar negativt språk inn på kjenslene våre. Positivt språk, derimot, kan ha positiv effekt. I yrkeslivet har folk som formulerer seg postitivt meir suksess. Difor burde vi bruke språket vårt med meir omtanke. Fordi vi avgjer kva ord vi skal velje. Og gjennom språket vårt skaper vi røyndomen. Med andre ord: Snakk positivt!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Grammatikk hindrar løgner!
    Alle språk ar sine spesielle kjenneteikn. Nokre har òg eigenskapar som er unike i heile verda. Trio er eit slikt språk. Trio er eit søramerikansk indianarspråk. Det blir tala av rundt 2000 menneske i Brasil og Surinam. Det spesielle med Trio er grammatikken. Det er fordi den tvingar talaren til berre å seie sanninga. Den såkalla frustrativ-endinga har ansvaret for det. Denne endinga blir lagt til verb i trio. Ho viser kor sann ein setning er. Eit enkelt døme frå trio viser tydeleg korleis det fungerer. La oss ta setningen «Barnet gjekk til skulen». I trio må talaren leggje ei bestemt ending til verbet. Med denne endinga kan han seie om han sjølv såg barnet eller ikkje. Men han kan òg uttrykkje om han berre har høyrt det frå andre. Eller han seier med endinga at han veit at det er ei løgn. Så talaren må binde seg til det han seier. Det tyder at han må fortelje til andre kor sann utsegna hans er. Slik kan han ikkje halde noko hemmeleg eller skjønnmåle det. Viss ein trio-brukar ikkje tek med endinga, blir han sett på som løgnar. I Surinam er nederlandsk det offisielle språket. Omsetjingar frå nederlandsk til trio er ofte problematiske. Fordi dei fleste språk langt frå er så presise. Dei gjer det mogleg for brukarane å vere uklåre. Difor bind ikkje tolkane seg til det dei seier. Å kommunisere med trio-brukarar blir difor vanskeleg. Kanskje frustrativ-endinga kunne ha noko føre seg i andre språk òg? Ikkje berre i politikkspråket...
     
    وضعیت
    موضوع بسته شده است.
    بالا