▓▓ Egen norsk ▓▓

وضعیت
موضوع بسته شده است.

☾♔TALAYEH_A♔☽

کاربر نگاه دانلود
کاربر نگاه دانلود
عضویت
2017/05/18
ارسالی ها
35,488
امتیاز واکنش
104,218
امتیاز
1,376
Det kinesiske språket
Kinesisk er språket med flest brukarar i verda. Men det finst ikkje eitt einskilt kinesisk språk. Det finst fleire kinesiske språk. Dei høyrer alle til den sino-tibetanske språkfamilien. Til saman talar om lag 1,3 milliardar menneske kinesisk. Dei fleste av desse bur i folkerepublikken Kina og i Taiwan. Det finst også mange land med kinesiskspråklege minoritetar. Det største kinesiske språket er høgkinesisk. Dette standardiserte høgnivåspråket blir òg kalla mandarin. Mandarin er det offisielle språket i folkerepublikken Kina. Dei andre kinesiske språka blir ofte kalla dialektar. Mandarin blir også brukt i Singapore og Taiwan. Mandarin er morsmål for 850 millionar menneske. Men det blir forstått av nesten alle kinesisktalande menneske. Difor brukar folk med ulike dialektar mandarin til kommunikasjon. Alle kinesarar har ei felles skrift. Den kinesiske skrifta er 4.000 til 5.000 år gamal. Dermed har kinesisk den lengste litterære tradisjonen. Andre asiatiske kulturar har òg teke i bruk den kinesiske skrifta. Kinesiske skriftteikn er vanskelegare enn alfabetsystem. Men munnleg kinesisk er ikkje så komplisert. Grammatikken er relativt rask å lære. Difor kan studentar gjere raske framsteg. Og fleire og fleire menneske vil lære kinesisk! Som framandspråk blir det viktigare og viktigare. Det er tilbod om kinesiskkurs overalt i dag. Kast deg utpå du òg! Kinesisk er språket for framtida...
 
  • پیشنهادات
  • ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Babyar kan lære grammatikkreglar
    Born veks snøgt. Og dei lærer snøgt! Korleis born lærer, er ikkje utforska enno. Læreprosessane skjer automatisk. Born merkar ikkje at dei lærer. Likevel lærer dei meir kvar dag. Det er tydeleg med språk òg. Dei fyrste månadene kan babyen berre skrike. Etter eit par månader kan dei seie korte ord. Så blir det laga setningar av orda. Til slutt snakkar borna morsmålet sitt. Uheldigvis verkar det ikkje slik hjå vaksne. Dei treng bøker eller anna materiell for å lære. Berre på denne måten kan dei lære grammatikkreglar, til dømes. Men speborn kan grammatikk når dei er fire månader gamle! Forskarar lærte tyske speborn utanlandsk grammatikk. For å få til dette, spelte dei italienske setningar til dei. Desse setningane hadde visse syntaktiske strukturar. Babyane høyrde på dei korrekte setningane i om lag eit kvarter. Etterpå vart setningane spelte for babyane ein gong til. Men denne gongen var nokre setningar feil. Medan borna høyrde på setningane, vart hjernebylgjene deira målte. Slik kunne forskarane sjå korleis hjernen reagerte på setningane. Og borna viste ulik hjerneaktivitet på setningane! Sjølv om dei akkurat hadde lært dei, registrerte dei feila. Sjølvsagt forstår ikkje speborn kvifor nokre setningar er feil. Dei rettar seg einast inn mot lydmønster. Men det rekk for å lære eit språk - i det minste for babyar...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Det spanske språket
    Spansk er eitt av verdsspråka. Det er morsmål for meir enn 380 millionar menneske. I tillegg er det andre språk for svært mange menneske. Dermed er spansk eitt av dei viktigaste språka på planeten. Og det er det største av alle dei romanske språka. Dei spansktalande sjølve kallar språket sitt español eller castellano. Omgrepet castellano fortel kor det spanske språket kjem frå. Det utvikla seg frå daglegtalen i Castilla. Dei fleste spanjolar tala kastiljansk så tidleg som det 16. hundreåret. I dag blir omgrepa español og castellano brukt om einannan. Men dei kan òg vere politisk lada. Spansk vart utbreidd gjennom erobringar og kolonisering. Spansk blir òg tala i Vest-Afrika og på Filippinane. Dei fleste spanskspråklege menneske bur i Amerika. I Mellom- og Sør-Amerika er spansk det største språket. Men òg i USA veks talet på spanskspråklege. Om lag 50 millionar menneske i USA talar spansk. Det er fleire enn i Spania! Spansk i Amerika skil seg frå spansk i Europa. Desse skilnadene ser vi mest i ordtilfanget og grammatikken. I Amerika brukar dei til dømes ei anna fortidsform. Det er òg mange skilnader i ordtilfanget. Nokre ord finst berre i Amerika, andre berre i Spania. Men spansken er ikkje einskapleg i Amerika heller. Det finst forskjellige variantar av amerikansk spansk. Etter engelsk er spansk det mest studerte framandspråket i verda. Og det er nokså snøgt å lære. Kva ventar du på? - ¡Vamos!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Frå rørsler til språk
    Når vi lærer språk, har hjernen mykje å gjere. Han må handtere dei språklege signala. Rørsler og symbol er språklege signal, dei med. Dei fanst til og med før menneskespråket. Nokre teikn blir forståtte i alle kulturar. Andre må lærast. Du kan ikkje forstå dei i seg sjølv. Rørsler og symbol blir handsama som språk. Og dei blir handsama på same stad i hjernen! Ein ny studie har vist det. Forskarar testa fleire forsøkspersonar. Desse forsøkspersonane skulle sjå ulike videoklipp. Hjerneaktiviteten vart målt medan dei såg klippa. Ein del av klippa uttrykte ulike ting. Det skjedde med rørsler, symbol og språk. Den andre forsøksgruppa såg andre videoklipp. Desse videoane var nonsens-klipp. Språk, rørsler og symbol fanst ikkje. Dei hadde inga meining. I målingane såg forskarane kva som vart handsama kvar. Dei samanlikna hjerneaktiviteten til forsøkspersonane. Alt som hadde meining, vart analysert i same område i hjernen. Resultata frå desse eksperimenta er særs interessante. Dei viser korleis hjernen vår har lært språk over tid. Fyrst kommuniserte mennesket med rørsler. Seinare utvikla det språk. Så hjernen måtte lære å handsame rørsler som språk. Og tydelegvis oppdaterte han berre den gamle versjonen...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Korleis lærer hjernen grammatikk?
    Vi byrjar å lære morsmålet vårt allereie som speborn. Det skjer automatisk. Vi merkar det ikkje. Men hjernen må klare mykje når vi lærer. Når vi lærer grammatikk, til dømes, har han mykje arbeid. Kvar dag høyrer han nye ting. Han får støtt nye impulsar. Men hjernen kan ikkje handsame kvar impuls for seg. Han må handle økonomisk. Difor rettar han seg inn mot reglar. Hjernen hugsar det han høyrer ofte. Han registrerer kor ofte ein bestemt ting skjer. Frå desse døma lagar han ein grammatisk regel. Born veit om ein setning er rett eller feil. Men dei veit ikkje kvifor det er slik. Hjernen kjenner att reglane utan å ha lært dei. Vaksne lærer språk på andre måtar. Dei kjenner allereie strukturane i morsmålet sitt. Desse er grunnlaget for nye grammatiske reglar. Men for å lære, treng vaksne undervising. Når hjernen lærer grammatikk, har han eit fast system. Det kan vi sjå med substantiv og verb, til dømes. Dei blir lagra i ulike område i hjernen. Ulike område i hjernen er aktive når dei arbeider med dei. Og enkle reglar blir lært annleis enn vanskelege reglar. Ved komplekse reglar arbeider fleire område i hjernen saman. Nøyaktig korleis hjernen lærer grammatikk, er ikkje forska på enno. Men vi veit at hjernen i teorien kan lære ein kvar grammatikk...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Korleis du lærer to språk på likt
    Framandspråk blir stadig viktigare i dag. Mange menneske lærer eit framandspråk. Men det finst mange interessante språk i verda. Difor lærer nokre menneske fleire språk på ein gong. Når born veks opp som tospråklege, er det vanlegvis ikkje noko problem. Hjernen lærer båe språka automatisk. Når dei blir større, veit dei kva som høyrer til kvart språk. Tospråklege kjenner dei typiske kjenneteikna på båe språka. Hjå vaksne er det annleis. Dei kan ikkje lære to språk samstundes like lett. Dei som vil lære to språk på likt, bør fylgje nokre reglar. Fyrst er det viktig å samanlikne språka med einannan. Språk som høyrer til same språkfamilie, er ofte ganske like. Det kan føre til at vi blandar dei. Difor er det fornuftig å analysere båe språka nøye. Du kan til dømes skrive ei liste. Der kan du skrive opp likskapar og skilnader. Så må hjernen arbeide intensivt med båe språka. Han hugsar betre kva som er spesielt med båe språka. Du bør òg bruke eigne farger og mapper for kvart språk. Det hjelper til å skilje klårt mellom språka. Når du lærer to ulike språk, er det annleis. Ved særs ulike språk er det ingen fare for blanding. Her er det større fare for å samanlikne språka med einannan! Det ville vere betre å samanlikne dei med morsmålet. Når hjernen kjenner att kontrasten, lærer han meir effektivt. Det er òg viktig at båe språka blir lært like intensivt. I teorien spelar det inga rolle for hjernen, kva språk han lærer...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språka i den Europeiske Unionen
    I dag er det meir enn 25 statar i den Europeiske Unionen. I framtida vil det vere endå fleire land i EU. Eit nytt land tyder vanlegvis eit nytt språk til. For tida blir det brukt meir enn 20 ulike språk i EU. Alle språka i den Europeiske Unionen er likeverdige. Dette språklege mangfaldet er fascinerande. Men det kan òg føre til problem. Skeptikarar meinar at dei mange språka er til hinder for EU. Dei hindrar eit effektivt samarbeid. Nokre tenkjer at det burde vere eitt felles språk. Alle landa burde kunne kommunisere på dette språket. Men det er ikkje så enkelt. Du kan ikkje utnemne noko språk til einaste offisielle språk. Dei andre landa ville føle seg forbigåtte. Og det finst ikkje noko verkeleg nøytralt språk i Europa... Og eit konstruert språk som esperanto ville heller ikkje fungere. Fordi kulturen til eit land speglar seg i språket. Difor ville ikkje noko land ta til seg dette språket. Landa ser språket som ein del av identiten sin. Språkpolitikk er eit viktig punkt på dagsordenen i EU. Det finst til og med ein eigen komissær for fleirspråklegheit. EU har mest omsetjarar og tolkar i verda. Om lag 3.500 menneske arbeider for å få til avtaler. Men ikkje alle dokument kan omsetjast. Det ville ta for mykje tid og pengar. Dei fleste papira blir berre omsette til eitt språk. Dei mange språka er ei av hovudutfordringane i EU. Europa skal sameine seg utan å miste dei mange identitetane sine!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språk og matematikk
    Tankar og språk høyrer saman. Dei påverkar kvarandre gjensidig. Språklege strukturar pregar tankestrukturane våre. I nokre språk finst det til dømes ingen ord for tal. Språkbrukarane forstår ikkje konseptet tal. Og matematikk og språk høyrer samen på ein måte. Grammatiske og matematiske strukturar er ofte like. Nokre forskarar trur at dei også blir handsama likt. Dei trur at språksenteret òg er ansvarleg for matematikk. Det kan hjelpe hjernen å gjere utrekningar. Men nye studiar har kome til andre slutningar. Dei syner at hjernen vår handsamar matematikk utan språk. Forskarane undersøkte tre menn. Hjernane deira var skada. Difor var språksenteret skada. Mennene hadde store problem med å snakke. Dei kunne ikkje lenger formulere enkle setningar. Og dei kunne ikkje forstå ord heller. Etter språktesten skulle mennene løyse rekneoppgåver. Nokre av desse matematiske nøttene var særs innvikla. Likevel greidde forsøkspersonane å løyse dei! Resultata av denne studien er særs interessante. Det syner at matematikken ikkje blir koda med ord. Det kan hende at språk og matematikk har same opphav. Båe blir handsama i same senteret. Men matematikk treng ikkje omsetjast til språk fyrst. Kanskje utvikla språk og matematikk seg saman òg... Og når hjernen er ferdig utvikla, eksisterer dei kvar for seg!
     
    وضعیت
    موضوع بسته شده است.
    بالا