▓▓ Egen norsk ▓▓

وضعیت
موضوع بسته شده است.

☾♔TALAYEH_A♔☽

کاربر نگاه دانلود
کاربر نگاه دانلود
عضویت
2017/05/18
ارسالی ها
35,488
امتیاز واکنش
104,218
امتیاز
1,376
Eitt språk, mange variantar
Sjølv om vi berre snakkar eitt språk, snakkar vi mange språk. Fordi ingen språk er lukka system. I kvart språk finn vi mange ulike dimensjonar. Språket er eit levande system. Språkbrukarane tilpassar seg alltid samtalepartnaren sin. Difor varierer menneske det språket dei snakkar. Desse variantane viser seg i ulike former. Til dømes har kvart språk ei historie. Ho har forandra seg, og vil halde fram med å forandre seg. Det skjønar du på at gamle menneske snakkar annleis enn unge. Og i dei fleste språk finst det ulike dialektar. Mange dialektbrukarar kan tilpasse seg omgjevnadene sine. I visse situasjonar brukar dei standardspråket. Ulike sosiale grupper har ulike språk. Ungdomsspråket eller jegerspråket er døme på det. Dei fleste menneske snakkar annleis på jobb enn dei gjer heime. Mange brukar ein fagsjargong på jobben. Det er òg skilnader på munnleg og skriftleg språk. Talespråket er vanlegvis mykje enklare enn skriftspråket. Denne skilnaden kan vere ganske stor. Det er tilfellet når skriftspråka ikkje endrar seg på lang tid. Då må brukarane fyrst lære å bruke språket skriftleg. Ofte er språket til menn og kvinner ulikt. I vestlege samfunn er ikkje skilnaden så stor. Men det finst land der kvinner pratar heilt annleis enn menn. I fleire kulturar har òg høflegheit eigne språklege former. Å snakke er dermed slett ikkje så lett! Vi må vere merksame på fleire ting på likt...
 
  • پیشنهادات
  • ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Det akademiske språket
    Akademisk språk eller vitskapsspråk er eit språk for seg sjølv. Det blir brukt til faglege diskusjonar. Det blir også brukt i vitskaplege utgjevingar. Tidlegare fanst det einskaplege akademiske språk. I Europa dominerte latin i lange tider vitskapen. I dag er derimot engelsk det viktigaste akademiske språket. Akademiske språk er ein type fagspråk. Dei inneheld særs mange spesielle omgrep. Det viktigaste kjenneteiknet er normering og formalisering. Nokre seier at vitskapsfolk pratar uforståeleg med vilje. Når noko er komplisert, verkar det meir intelligent. Men akademia er oppteken av sanning. Så dei burde bruke eit nøytralt språk. Det er ikkje rom for retoriske element eller vage flosklar. Likevel finst det mange døme på overdrive vanskeleg språk. Og det ser ut som vanskeleg språk fascinerer menneske! Studiar stadfestar at vi stolar meir på vanskeleg språk. Forsøkspersonar måtte svare på nokre spørsmål. Der måtte dei velje mellom fleire svar. Nokre svar var enkelt formulert, andre særs vanskeleg. Dei fleste forsøkspersonane valde det vanskelege svaret. Men det gav inga meining i det heile! Forsøkspersonane lét seg blende av språket. Sjølv om innhaldet var meiningslaust, vart dei imponerte av forma. Men det er inga kunst å skrive innvikla. Du kan lære korleis du skal pakke enkelt innhald inn i vanskeleg språk. Å uttrykkje vanskelege saker på ein enkel måte, er derimot ikkje så lett. Så nokre gonger er det enkle det verkeleg vanskelege...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Korleis born lærer å snakke rett
    Så snart eit menneske er fødd, kommuniserer det med andre. Babyar skrik når dei vil noko. Når dei er eit par månader gamle, kan dei allereie seie nokre enkle ord. Når dei er to år gamle, kan dei seie setningar på om lag tre ord. Du kan ikkje påverke når born byrjar å snakke. Men du kan påverke kor godt dei lærer morsmålet sitt! For å få til det, er det nokre ting du må passe på. Det viktigaste er at barnet som skal lære, alltid er motivert. Barnet må forstå at det oppnår noko når det snakkar. For speborn er eit smil ei positiv tilbakemelding. Større born søkjer dialog med omverda si. Dei rettar seg inn mot korleis menneske rundt dei snakkar. Difor er språkkunna til foreldra og andre oppdragarar viktig. Og born må lære at språket er verdifullt! Difor bør dei alltid ha det moro. Høgtlesing viser borna kor spennande språk kan vere. Foreldre bør gjere det så mykje som mogleg med barnet sitt. Når eit barn opplever mykje, vil det snakke om det. Born som veks opp tospråklege, treng faste reglar. Dei må vite kva språk som kan brukast med kven. Slik kan dei lære å skilje mellom språka. Når borna byrjar på skule, endrar språket deira seg. Dei lærer eit nytt omgangsspråk. Då er det viktig at foreldra passar på korleis barnet deira snakkar. Studiar viser at det fyrste språket pregar hjernen for alltid. Det vi lærer som born, er med oss resten av livet. Den som lærer morsmålet sitt godt, har nytte av det seinare. Han lærer nye ting snøggare og betre - ikkje berre framandspråk...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Lær framandspråk betre i utlandet!
    Vaksne lærer ikkje språk like fort som born. Hjernen deira er fullt utvikla. Difor kan han ikkje så lett lage nye nettverk lenger. Men du kan framleis lære eit språk særs godt som vaksen! Då må du reise til landet der språket blir brukt. Eit framandspråk lærer du mykje meir effektivt i utlandet. Det veit ein kvar som nokon gong har reist på språkferie. I den naturlege omgjevnaden lærer du språket mykje snøggare. Ein ny studie har akkurat gjort ei interessant oppdaging. Han viser at du lærer nye språk på ein annan måte i utlandet! Hjernen kan handsame det nye språket på same måte som morsmålet. Forskarar har lenge trudd at det var forskjellige læringsprosessar. Eit eksperiment ser ut til å stadfeste det. Ei gruppe forsøkspersonar måtte lære eit oppfunne språk. Ein del av forsøkspersonane hadde vanleg undervising. Den andre delen lærte i ein simulert utlands-situasjon. Forsøkspersonane måtte orientere seg i eit framandt miljø. Alle menneska dei hadde kontakt med, prata det nye språket. Forsøkspersonane i denne gruppa var altså ikkje vanlege språkstudentar. Dei høyrde til eit framandt samfunn av språkbrukarar. Slik vart dei raskt tvungne til å hjelpe seg med det nye språket. Etter ei tid vart forsøkspersonane testa. Båe gruppene viste like god kjennskap til det nye språket. Men hjernane deira handsama framandspråket annleis! Dei som hadde lært i "utlandet", hadde slåande hjerneaktivitet. Hjernen handsama framandspråk-grammatikken som morsmålsgrammatikken. Dei same mekanismane som hjå morsmålsbrukarar vart funne. Ein språkferie er den finaste og mest effektive måten å lære på!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Historia til lingvistikken
    Språk har alltid fascinert menneske. Historia til språkvitskapen er difor særs lang. Språkvitskapen eller lingvistikken er å studere språk systematisk. Menneske har tenkt på språk i fleire tusen år. Med det utvikla ulike kulturar ulike system. Slik oppsto ulike skildringar av språk. Språkvitskapen i dag er fyrst og fremst bygd på gamle teoriar. Spesielt i Hellas vart mange tradisjonar grunnlagde. Men det eldste kjende verket om språk kjem frå India. Det vart skrive for 3.000 år sidan av grammatikaren Sakatayana. I antikken sysla filosofar som Platon med språk. Seinare utvikla romarane teoriane deira vidare. Arabarane utvikla òg sine eigne tradisjonar i det 8. hundreåret. Allereie då gav verka deira presise skildringar av det arabiske språket. I nyare tid har vi fyrst og fremst forska på kor språket kjem frå. Dei lærde interesserte seg spesielt for språkhistoria. I det 18. hundreåret byrja dei å samanlikne språk med einannan. Slik ville dei forstå korleis språka utvikla seg. Seinare konsentrerte dei seg om språk som system. Det viktigaste spørsmålet var korleis språka fungerer. I dag er det mange retningar innan lingvistikken. Sidan 50-åra er det utvikla fleire nye fagdisiplinar. Desse er til dels sterkt påverka av andre vitskapar. Døme er psykolingvistikk eller interkulturell kommunikasjon. Dei nye retningane innan språkvitskapen er svært spesialiserte. Eit døme på det er feministlingvistikk. Så historia om språkvitskapen går vidare... Så lenge det finst språk, vil mennesket fundere på dei!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Negative ord blir ikkje omsette til morsmål
    Fleirspråklege menneske omset umedvite til morsmålet når dei les. Det skjer heilt automatisk, så lesaren merkar det ikkje. Du kan seie at hjernen fungerer som ein simultantolk. Men han omset ikkje alt! Ein studie har vist at hjernen har eit innebygd filter. Dette filteret avgjer kva som blir omsett. Og det ser ut til at filteret overser visse ord. Negative ord blir ikkje omsette til morsmålet. Forskarar valde kinesiske morsmålsbrukarar til eksperimentet sitt. Alle forsøkspersonane hadde engelsk som andrespråk. Forsøkspersonane skulle vurdere ulike engelske ord. Desse orda hadde ulikt emosjonelt innhald. Det var positive, negative og nøytrale omgrep. Medan forsøkspersonane las orda, vart hjernen deira undersøkt. Det vil seie at forskarane målte den elektriske hjerneaktiviteten. Då kunne dei sjå korleis hjernen arbeidde. Når du omset, blir det laga visse signal. Dei viser at hjernen er aktiv. Men ved negative ord viste forsøkspersonane ingen aktivitet. Berre dei positive eller nøytrale omgrepa vart omsette. Forskarane veit enno ikkje kvifor det er slik. Teoretisk må hjernen handtere alle ord likt. Men det kan hende at filteret snøgt ser over kvart ord. Det blir analysert mdan det blir lese på andrespråket. Om eit ord er negativt, blir minnet blokkert. Med andre ord blir ikkje omgrepet tenkt på morsmålet. Menneske kan reagere sterkt på ord. Kanskje hjernen vil verne dei frå emosjonelle sjokk...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Dei afrikanske språka
    I Afrika blir det tala særs mange ulike språk. Ikkje noko anna kontinent har så mange forskjellige språk. Mangfaldet av afrikanske språk er imponerande. Vi reknar med at det finst om lag 2.000 afrikanske språk. Men alle desse språka er ikkje like! Tvert imot - ofte er dei heilt ulike! Dei afrikanske språka høyrer til fire ulike språkfamiliar. Nokre afrikanske språk har eigenskapar som er unike i verda. Til dømes finst det lydar som utlendingar ikkje greier å imitere. Landegrensene i Afrika er ikkje alltid språkgrenser. I nokre område er det særs mange ulike språk. I Tanzania, til dømes, blir det brukt språk frå alle fire språkfamiliane. Eit unnatak mellom dei afrikanske språka er afrikaans. Dette språket oppsto i kolonitida. På den tida møtte folk frå ulike kontinent kvarandre. Dei kom frå Afrika, Europa og Asia. Gjennom denne kontaktsituasjonen utvikla det seg eit nytt språk. Afrikaans er påverka av mange språk. Det er mest i slekt med nederlandsk. I dag blir afrikaans brukt mest i Sør-Afrika og Namibia. Det mest uvanlege afrikanske språket er trommespråket. Med trommer kan du i teorien overføre ein kvar bodskap. Dei språka som blir overført med trommer, er tonespråk. Meininga på orda eller stavingane kjem an på tonehøgda. Det tyder at trommene må imitere desse tonane. Til og med born i Afrika forstår trommespråket. Og det er veldig effektivt... Du kan høyre trommespråket på ein avstand opp til 12 kilometer!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Å vere tospråkleg betrar hørselen
    Menneske som snakkar to språk, høyrer betre. Dei er flinkare til å skilje mellom ulike lydar. Ein amerikansk studie har kome fram til dette. Forskarar testa fleire tenåringar. Ein del av forsøkspersonane vaks opp som tospråklege. Desse tenåringane snakka engelsk og spansk. Den andre delen av forsøkspersonane snakka berre engelsk. Dei unge menneska skulle høyre på ei bestemt staving. Det var stavinga "da". Ho høyrde ikkje til i nokon av dei to språka. Stavinga vart spelt for forsøkspersonane i øyreklokker. Samstundes vart hjerneaktiviteten målt. Etter testen skulle tenåringane høyre på stavinga ein gong til. Men denne gongen var det mange forstyrrande lydar i tillegg. Det var ulike stemmer som sa meiningslause setningar. Dei tospråklege reagerte veldig sterkt på stavinga. Hjernen deira viste høg aktivitet. Dei var i stand til å kjenne att stavinga, både med og utan tilleggsstøyen. Dei einspråklege forsøkspersonane lukkast ikkje med det. Hørselen deira var ikkje så god som hjå dei tospråklege. Resultatet av eksperimentet overraska forskarane. Til då var det berre kjent at musikarar har godt gehør. Men det ser ut til at det trenar øyra å vere tospråkleg òg. Tospråklege menneske er heile tida utsett for ulike klangar. Difor må hjernen deira utvikle nye evner. Han lærer å skilje mellom ulike språklege stimuli. No undersøkjer forskarane korleis språkkunnskap påverkar hjernen. Kanskje kan hørselen ha nytte av at vi lærer språk seinare òg...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Store bokstavar, store kjensler
    I reklame er det mange bilete. Bilete vekkjer interessa vår spesielt. Vi ser på dei lengre og meir konsentrert enn på bokstavar. Difor hugsar vi reklamar med bilete betre. Og bilete kan vekkje sterke kjensler. Hjernen kjenner att bilete særs snøgt. Han veit med ein gong kva han ser på biletet. Bokstavar fungerer annleis enn bilete. Dei er abstrakte teikn. Difor reagerer hjernen vår saktare på bokstavar. Han må fyrst forstå kva ordet tyder. Du kan seie at teikna må omsetjast av språksenteret i hjernen. Men du kan uttrykkje kjensler med bokstavar òg. Teksten må berre vere veldig stor. Studiar viser at store bokstavar har stor verknad. Store bokstavar er ikkje berre lettare å sjå enn små. Dei gjev òg sterkare emosjonelle reaksjonar. Det gjeld både for positive og negative kjensler. Storleiken på ting har alltid vore viktig for menneska. Menneske må reagere fort på farar. Og noko er stort, er det vanlegvis ganske nært! Så det er forståeleg at store bilete gjev sterke reaksjonar. Det er ikkje så klart kvifor vi reagerer på store bokstavar. Bokstavar er eigentleg ikkje eit signal til hjernen. Likevel viser han større aktivitet når han ser større bokstavar. Dette resultatet er særs interessant for forskarar. Det viser kor viktige bokstavane har vorte for oss. På ein eller annan måte har hjernen lært å reagere på skrift...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Tips mot gløymsle
    Å lære er ikkje alltid lett. Til og med når det er moro, kan det vere slitsamt. Men når vi har lært noko, er vi glade. Vi er stolte over oss sjølve og framgangen vår. Diverre kan vi gløyme det vi har lært. Det er ofte eit problem, spesielt med språk. Dei fleste av oss har lært eitt eller fleire språk på skulen. Denne kunnskapen går ofte tapt etter skulegangen. Vi snakkar knapt språka lengre. I kvardagen bruker vi mest morsmålet vårt. Mange framandspråk blir brukte berre på ferie. Men viss vi ikkje aktiverer kunnskapen vår jamt, går han tapt. Hjernen vår treng trening. Du kan seie at han fungerer som ein muskel. Denne muskelen treng rørsle, elles blir han svakare. Men det finst måtar å hindre gløymsle på. Det viktigaste er å bruke jamt det du har lært. Faste ritual kan hjelpe på det. Du kan planleggje ulike rutinar for ulike vekedagar. På måndag kan du til dømes lese ei bok på eit framandspråk. Høyr på ein utanlandsk radiostasjon på onsdagar. På fredag kan du skrive dagbok på framandspråket. På denne måten vekslar du mellom å lese, høyre og skrive. Dermed blir kunnskapen aktivert på mange forskjellige måtar. Alle desse øvingane treng ikkje ta lang tid, ein halvtime er nok. Men det er viktig at du øver ofte! Studiar viser at det du har lært, blir verande i hjernen i fleire tiår. Du må berre dra det ut or skuffen att...
     
    وضعیت
    موضوع بسته شده است.
    بالا