▓▓ Egen norsk ▓▓

وضعیت
موضوع بسته شده است.

☾♔TALAYEH_A♔☽

کاربر نگاه دانلود
کاربر نگاه دانلود
عضویت
2017/05/18
ارسالی ها
35,488
امتیاز واکنش
104,218
امتیاز
1,376
Maskinomsetjingar
Den som vil ha omsett ein tekst, må oftast betale mykje pengar. Profesjonelle tolkar eller omsetjarar er dyre. Trass dette er det viktigare enn før å forstå andre språk. Dette problemet vil informatikarar og data-språkforskarar løyse. Dei har lenge arbeidd med å utvikle omsetjingsverkty. I dag finst det mange slike program. Dei maskinelle omsetjingane er oftast ikkje særleg gode. Men programmerarane har ikkje skulda for det! Språk er særs komplekse strukturar. Datamaskiner, derimot, er basert på enkle matematiske prinsipp. Difor kan dei ikkje alltid handtere språk rett. Eit omsetjingsprogram må lære eit språk fullstendig. Difor må ekspertar lære det tusenvis av ord og reglar. Det er i praksis umogleg. Det er lettare å setje ei datamaskin til å rekne. Ho er god til det! Ei datamaskin kan rekne ut kva kombinasjonar som er vanlege. Ho kan til dømes kjenne att kva ord som oftast står ved sidan av kvarandre. Difor må maskina ha tekstar på ulike språk. Slik lærer ho kva som er typisk for ulike språk. Denne statistiske metoden gjer dei automatiske omsetjingane betre. Likevel kan ikkje datamaskiner erstatte menneske. Inga datamaskin kan imitere ein menneskehjerne når det gjeld språk. Omsetjarar og tolkar vil dermed ha arbeid i lange tider framover! I framtida kan datamaskinene omsetje enkle tekstar. Song, poesi og litteratur, derimot, treng eit levande element. Dei treng den menneskelege kjensla for språk. Og det er bra...
 
  • پیشنهادات
  • ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    To språk = to språksenter!
    Det er ikkje det same for hjernen vår når vi lærer språk. Det er fordi hjernen har ulike lagringsområde for ulike språk. Ikkje alle språka vi lærer, blir lagra same stad. Dei språka vi lærer som vaksne, har eit eige lager. Det tyder at hjernen handsamar dei nye reglane i eit anna område. Dei blir ikkje lagra på same stad som morsmålet. Menneske som veks opp tospråklege, brukar same området. Fleire studiar har kome fram til dette. Nevrovitskapsfolk har undersøkt ulike forsøkspersonar. Desse personane prata to språk flytande. Ein del av forsøkspersonane hadde vokse opp med båe språka. Den andre delen hadde lært det andre språket seinare. Under språktestar kunne forskarane måle hjerneaktiviteten. Slik såg dei kva område av hjernen som arbeidde med testane. Og dei såg at dei som hadde lært språket seinare, hadde to språksenter! Forskarane hadde lenge trudd at det var slik. Menneske med hjerneskader viser ofte ulike symptom. Så hjerneskade kan føre til språkproblem. Ofra for hjerneskade har ofte problem med å uttale eller forstå ord. Men tospråklege hjerneskade-offer viser somme tider uvanlege symptom. Språkproblema deira vedkjem ikkje alltid båe språka. Om berre eitt område i hjernen er skada, kan det andre fungere enno. Då pratar pasientane eitt språk betre enn det andre. Dei to språka kan bli lært på nytt i ulikt tempo. Det viser at båe språka ikkje er lagra på same stad. Når dei ikkje blir lært på same tid, lagar dei to ulike språksenter. Vi veit enno ikkje nøyaktig korleis hjernen handterer fleire språk. Men ny kunnskap kan føre til nye læringsstrategiar...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Indonesia, landet med mange språk
    Republikken Indonesia er eitt av dei største landa i verda. Om lag 240 millionar menneske bur i øystaten. Desse menneska høyrer til mange ulike folkegrupper. Det er rekna med at det finst om lag 500 ulike folkegrupper i Indonesia. Desse gruppene har mange ulike kulturelle tradisjonar. Og dei pratar mange ulike språk! Om lag 250 ulike språk blir tala i Indonesia. I tillegg kjem mange dialektar. Språka i Indonesia blir oftast klassifisert etter folkegruppe. Det finst til dømes javanesisk eller balinesisk. Dette mylderet av språk fører sjølvsagt til vanskar. Dei hindrar ein effektiv økonomi og administrasjon. Difor vart det innført eit nasjonalspråk i Indonesia. Sidan dei vart uavhengige i 1945, har Bahasa Indonesia vore offisielt språk. Det blir lært jamsides morsmålet i alle skular. Likevel snakkar ikkje alle innbyggjarar i Indonesia dette språket. Berre om lag 70% av indonesarane meistrar Bahasa Indonesia. Og Bahasa Indonesia er morsmål for "berre" 20 millionar menneske. Difor er dei mange regionale språka framleis særs viktige. Indonesia er spesielt interessant for språkelskarar. Det er fordi det har mange fordelar å lære indonesisk. Språket er rekna for å vere relativt lett. Grammatikkreglane kan du lære snøgt. Du kan få god rettleiing om uttale frå skrivemåten. Rettskrivinga er heller ikkje vanskeleg. Mange indonesiske ord kjem frå andre språk. Og: Indonesisk vil snart bli eitt av dei viktigaste språka... Det er nøgda av grunnar til å byrje å lære, ikkje sant?
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Kvifor finst det så mange ulike språk?
    I dag er det meir enn 6.000 språk i verda. Difor treng vi tolkar og omsetjarar. For svært lenge sidan prata alle framleis det same språket. Det endra seg då folk byrja å vandre ut. Dei forlét det afrikanske heimlandet sitt, og breidde seg ut over jorda. Denne avstanden i rom førte til avstand i språk òg. Fordi kvart folkeslag utvikla si eiga form for kommunikasjon. Mange ulike språk utvikla seg frå eit felles proto-språk. Men mennesket vart aldri verande på same stad lenge. Så språka vart stendig meir skilde frå kvarandre. Ein stad på vegen vart det uråd å kjenne att noko felles rot. Og ikkje noko folkeslag levde isolert i fleire tusen år. Det var alltid kontakt med andre folkeslag. Det endra språka. Dei tok til seg element frå andre språk, eller dei blanda seg. Difor stoppa aldri språkutviklinga. Vandringar og kontakt forklarar dermed kvifor det er så mange språk. Kvifor språka er så ulike, er eit anna spørsmål. Kvar utviklingshistorie fylgjer visse reglar. At språka er slik dei er, må altså ha grunnar. Vitskapsfolk har lenge vore interesserte i desse grunnane. Dei vil vite kvifor språka utviklar seg ulikt. For å finne ut det, må dei fylgje historia til språka. Slik kan dei finne ut kva som endra seg når. Men dei veit ikkje enno kva som verkar inn på språkutviklinga. Kulturelle faktorar ser ut til å vere viktigare enn biologiske. Det vil seie at historia til eit folk formar språket deira. Tydelegvis fortel språka oss meir enn vi veit...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Korleis hjernen lærer nye ord
    Når vi lærer nye ord, lagrar hjernen vår nytt innhald. Læringa verkar rett nok berre ved konstant repetisjon. Kor godt hjernen vår lagrar ord, kjem an på fleire faktorar. Det viktigaste er at vi går gjennom ordforrådet med jamne mellomrom. Berre dei orda vi les eller skriv ofte, blir lagra. Du kan seie at desse orda blir arkivert som eit bilete. Dette prinsippet gjeld like mykje hjå aper. Aper kan lære å "lese" ord dersom dei ser dei ofte nok. Sjølv om dei ikkje kan forstå orda, kjenner dei att forma. For å prate eit språk flytande, treng vi mange ord. Difor må ordforrådet vere godt organisert. Fordi minnet vårt fungerer som eit arkiv. For å finne eit ord snøgt, må minnet vite kvar det skal leite. Difor er det betre å lære ord i ein viss kontekst. Slik kan minnet vårt alltid finne den rette "mappa". Men til og med det vi har lært godt, kan gå i gløymeboka. I slike tilfelle går kunnskapen frå det aktive til det passive lageret. Når vi gløymer, frigjer vi oss frå kunnskap vi ikkje treng. Det er slik hjernen lagar plass for nye og viktigare ting. Difor er det viktig at vi aktiverer kunnskapen vår med jamne mellomrom. Det som er i det passive lageret, er ikkje tapt for alltid. Når vi ser eit gløymt ord, hugsar vi det att. Det du har lært ein gong, lærer du snøggare andre gong. Den som vil utvide ordforrådet sitt, må utvide hobbyane sine òg. Fordi kvar einskild av oss har visse interesser. Difor er vi mest opptekne av dei same tinga. Men eit språk har mange ulike ordfelt. Så den som er interessert i politikk, burde òg lesa sportsartiklar no og då!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Læring og lesing
    Læring og lesing høyrer saman. Dette gjeld sjølvsagt spesielt når det gjeld å lære framandspråk. Den som vil lære eit nytt språk godt, må lese mange tekstar. Når vi les framandspråkleg litteratur, handsamar vi heile setningar. Hjernen vår lærer ord og grammatikk samanhengande. Det hjelper hjernen til å lagre det nye innhaldet betre. Det er mykje vanskelegare for hjernen å hugse enkeltord. Når vi les, lærer vi kva orda kan tyde. Då utviklar vi ei kjensle for det nye språket. Sjølvsagt bør ikkje den framandspråklege litteraturen vere for vanskeleg. Moderne noveller eller kriminalromanar er ofte underhaldande. Dagsaviser har den fordelen at dei alltid er aktuelle. Barnebøker og teikneseriar eignar seg òg godt for språklæring. Bileta lettar forståinga for det nye språket. Uansett kva litteratur du vel - han bør vere underhaldande! Det tyder at det bør skje mykje i historia, slik at språket er variert. Viss du ikkje finn noko, kan spesielle lærebøker brukast. Det finst mange bøker med lette tekstar for nybyrjarar. Det viktige er at du alltid brukar ei ordbok når du les. Når du ikkje forstår eit ord, bør du slå det opp. Hjernen vår er aktivert når vi les, og lærer snøgt nye ord. For alle ord du ikkje forstår, blir det lagra ei fil. På denne måten kan du gå gjennom ord ofte. Det hjelper òg å merke nye ord med markeringstusj. Neste gong kjenner du att ordet med ein gong. Den som les framandspråk dagleg, vil gjere snøgge framsteg. Det er fordi hjernen lærer snøgt å imitere det nye språket. Det kan hende at du av og til tenkjer på det nye språket...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Morsmål = emosjonelt, framandspråk = rasjonelt?
    Når vil lærer nye språk, stimulerer vi hjernen vår. Gjennom læringa forandrar tankane våre seg. Vi blir meir kreative og fleksible. Komplekse tankar fell lettare for fleirspråklege. Minnet får trening når vi lærer. Di meir vi lærer, di betre fungerer det. Den som har lært mange språk, lærer og andre ting fortare. Han kan konsentrere seg i lengre tid om eit emne. Difor løyser han problem snøggare. Fleirspråklege menneske er flinkare til å bestemme seg. Men korleis dei bestemmer seg, avheng av språk. Språket vi tenkjer på, verkar inn på avgjerdene våre. Psykologar undersøkte fleire forsøkspersonar i ein studie. Alle forsøkspersonane var tospråklege. Dei prata eitt språk til i tillegg til morsmålet sitt. Forsøkspersonane måtte svare på eit spørsmål. Spørsmålet var om løysinga på eit problem. Forsøkspersonane måtte velje mellom to alternativ. Eitt val var tydeleg meir risikabelt enn det andre. Forsøkspersonane måtte svare på spørsmålet på båe språka. Og svara endra seg når språket endra seg! Når dei svara på morsmålet sitt, valde dei risikoen. På framandspråket valde dei det sikre alternativet. Etter dette eksperimentet måtte forsøkspersonane vedde. Her òg var det ein klar skilnad. Når dei brukte framandspråket, var dei meir fornuftige. Forskarane går ut frå at vi er meir konsentrerte når vi brukar framandspråk. Difor bestemmer vi oss ikkje med hjelp av kjenslene, men med fornuften...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Dei innfødde språka i Amerika
    I Amerika blir det tala mange forskjellige språk. Engelsk er det viktigaste språket i Nord-Amerika. I Sør-Amerika dominerer spansk og portugisisk. Alle desse språka kom til Amerika frå Europa. Før kolonialiseringa vart det tala andre språk der. Desse språka er kjende som dei innfødde språka i Amerika. Til i dag har dei ikkje vorte utforska skikkeleg. Mangfaldet i språka er enormt. Vi reknar med at det finst over 60 språkfamiliar i Nord-Amerika. I Sør-Amerika kan det til og med vere så mange som 150. I tillegg finst det mange isolerte språk. Alle desse språka er særs ulike. Dei har berre nokre få sams strukturar. Difor er det vanskeleg å klassifisere dei. At dei er så ulike, har med den amerikanske historia å gjere. Amerika vart kolonisert i fleire omgangar. Dei fyrste menneska kom til Amerika for over 10.000 år sidan. Kvar folkesetnad tok med språket sitt til kontinentet. Dei innfødde språka er mest like dei asiatiske språka. Situasjonen til dei innfødde amerikanske språka er ikkje lik overalt. I Sør-Amerika er indianerspråka framleis i bruk. Språk som guaraní eller quechua har millionar av aktive språkbrukarar. I Nord-Amerika, derimot, er mange språk nærast utdøydde. Kulturen til dei nord-amerikanske indianarane vart lenge undertrykt. Difor gjekk språka deira tapt. Men dei siste tiåra har interessa for språka stige. Det finst mange program som vil pleie og ta vare på språka. Så det kan hende dei har ei framtid likevel...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Rørsler hjelper til med å lære ord
    Når vi lærer ord, har hjernen vår mykje arbeid. Han må lagre kvart nye ord. Men du kan hjelpe hjernen din med å lære. Det gjer du ved rørsler. Rørsler hjelper minnet vårt. Det kan hugse ord betre, når det arbeider med rørsla samstundes. Det har vorte tydeleg vist i ein studie. Forskarane lét forsøkspersonane lære ord. Orda fanst ikkje på ordentleg. Dei høyrde til eit kunstig språk. Forsøkspersonane lærte nokre ord med rørsler til. Det tyder at forsøkspersonane ikkje berre høyrte eller las orda. Gjennom rørsler imiterte dei kva orda tydde. Medan dei lærte, vart hjerneaktiviteten deira målt. Forskarane gjorde ei interessant oppdaging. Når orda vart lærte med rørsler, var fleire hjerneområde aktive. I tillegg til språksenteret var det sensomotoriske området aktivt. Denne tilleggsaktiviteten i hjernen påverkar minnet vårt. Når vi lærer med rørsler, blir det laga komplekse nettverk. Desse nettverka kan lagre det nye ordet på fleire stader i hjernen. Slik kan ordtilfanget bli handsama meir effektivt. Når vi vil bruke orda, finn hjernen dei snøggare. Dei er òg lagra betre. Uansett er det viktig at rørslene har samanheng med ordet. Hjernen vår skjønar når ordet og rørsla ikkje høyrer saman. Desse nye funna kan føre til nye undervisingsmetodar. Menneske som øver sjeldan på språk, lærer ofte sakte. Kanskje lærer dei lettare når dei må imitere ord med kroppen...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Datamaskiner kan rekonstruere ord dei har høyrt
    Å lese tankar er ein gamal draum hjå menneske. Alle vil gjerne vite kva ein annan tenkjer. Denne draumen har ikkje vorte verkeleg enno. Sjølv med moderne teknologi kan vi ikkje lese tankar. Det andre tenkjer, er og blir ein løyndom. Men vi kan kjenne att kva andre høyrer! Det har vorte vist i eit vitskapleg eksperiment. Forskarar har greidd å rekonstruere ord som er høyrte. For å få til dette, analyserte dei hjernebylgjene til forsøkspersonane. Når vi høyrer noko, blir hjernen vår aktiv. Han må handsame det han har høyrt. Då oppstår det eit visst aktivitetsmønster. Dette mønsteret kan du ta opp med elektrodar. Og dette opptaket kan handsamast vidare! Med ei datamaskin kan det gjerast om til eit lydmønster. Slik kan du identifisere det ordet som er høyrt. Prinsippet fungerer på alle ord. Kvart ord vi høyrer, produserer eit visst signal. Dette signalet heng alltid saman med lyden av ordet. Så det trengst "berre" at det blir omsett til eit akustisk signal. For viss du kjenner lydmønsteret, kjenner du ordet. I eksperimentet høyrte forsøkspersonane både ekte og falske ord. Ein del av orda dei høyrte, eksisterte altså ikkje. Likevel kunne desse orda òg bli rekonstruerte. Dei attkjende orda kan lesast opp av ei datamaskin. Det er òg mogleg å berre sjå dei på skjermen. No vonar forskarane at dei kan lære å forstå språksignala betre. Draumen om tankelesing går altså vidare...
     
    وضعیت
    موضوع بسته شده است.
    بالا