▓▓ Egen norsk ▓▓

وضعیت
موضوع بسته شده است.

☾♔TALAYEH_A♔☽

کاربر نگاه دانلود
کاربر نگاه دانلود
عضویت
2017/05/18
ارسالی ها
35,488
امتیاز واکنش
104,218
امتیاز
1,376
Finst det ein universell grammatikk?
Når vi lærer eit språk, lærer vi òg grammatikken. Når born lærer morsmål, skjer det automatisk. Dei merkar ikkje at hjernen lærer forskjellige reglar. Trass det lærer dei morsmålet sitt rett frå starten. Av di det finst mange språk, finst det mange grammatikkar òg. Men finst det ein universell grammatikk? Vitskapen har sysla med det spørsmålet lenge. Nye studiar kan gje eit svar. Fordi hjerneforskarar har gjort ei interessant oppdaging. Dei lét testpersonar lære grammatikkreglar. Desse testpersonane var studentar ved språkskular. Dei studerte japansk eller italiensk. Halvparten av grammatikkreglane var fri fantasi. Men det visste ikkje testpersonane. Etterpå fekk testpersonane sjå setningar. Dei måtte vurdere om setningane var korrekte eller ikkje. Medan dei jobba med setningane, vart hjernen deira analysert. Det vil seie at forskarane mælte aktiviteten i hjernen. På denne måten kunne dei sjå korleis hjernen reagerte på setningane. Og det ser ut som hjernen vår kjenner att grammatikk! Når vi arbeider med språk, er visse område i hjernen aktive. Broca-senteret er eitt av dei. Det ligg i venstre storhjernen. Når studentane arbeidde med dei ekte grammatikkreglane, var det særs aktivt. Med dei oppfunne reglane minka aktiviteten markant. Så det ser ut som alle grammatikkar har det same grunnlaget. Fordi dei alle fylgjer dei same prinsippa. Og desse prinsippa ligg i oss...
 
  • پیشنهادات
  • ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Morsmålet er alltid det viktigaste språket
    Morsmålet vårt er det fyrste vi lærer. Det skjer umedvite, så vi merkar det ikkje. Dei fleste menneske har berre eitt morsmål. Alle andre språk blir lærte som framandspråk. Sjølvsagt finst det menneske som veks opp med fleire språk. Men dei pratar oftast desse språka på litt ulikt nivå. Ofte blir språka også brukt ulikt. Til dømes blir eitt språk brukt på arbeid. Det andre blir brukt heime. Kor godt vi pratar eit språk, kjem an på fleire faktorar. Når vi lærer det som små born, lærer vi det oftast godt. Språksenteret vårt er mest effektivt i desse leveåra. Det er òg viktig kor ofte vi brukar språket. Di oftare vi brukar det, di betre pratar vi det. Forskarar trur at du aldri kan lære to språk like godt. Eitt språk blir alltid viktigare. Eksperiment ser ut til å stadfeste denne hypotesen. Forskjellige personar vart testa i ein studie. Ein del av forsøkspersonane prata to språk flytande. Kinesisk var morsmålet, og engelsk var andrespråket. Den andre halvparten av forsøkspersonane prata berre engelsk som morsmål. Forsøkspersonane måtte løyse enkle oppgåver på engelsk. Medan dei gjorde det, vart hjerneaktiviteten deira målt. Og det var skilnader i hjernen på forsøkspersonane! Hjå dei fleirspråklege var eit område i hjernen spesielt aktivt. Dei einspråklege hadde ingen aktivitet i dette området. Båe gruppene løyste oppgåvene like snøgt og like godt. Likevele omsette dei kinesiske alt til morsmålet sitt...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Den som vil snakke, må skrive!
    Å lære framandspråk er ikkje alltid lett. Studentane synest ofte det er vanskeleg å snakke til å begynne med. Mange tør ikkje å seie setningar på det nye språket. Dei er redde for å gjere feil. For slike studentar kan det vere ei løysing å skrive. Fordi den som vil lære å snakke godt, bør skrive så mykje som mogleg! Skriving hjelper oss å venje oss til eit nytt språk. Det har fleire grunnar. Skriving fungerer annleis enn snakking. Det er ein meir kompleks prosess. Når vi skriv, brukar vi meir tid på å velje ord. Dermed arbeider hjernen hardare med det nye språket. Vi er òg meir avslappa når vi skriv. Det står ingen og ventar på eit svar. Slik mistar vi langsamt redsla for framandspråket. Vidare krev skrivinga at vi er kreative. Vi føler oss friare, og leikar meir med det nye språket. Skrivinga gjev oss òg meir tid enn å snakke språket. Og det støttar minnet vårt! Men den største fordelen er den upersonlege forma. Det tyder at vi kan sjå på resultatet av språket vårt. Vi ser alt klart for oss. Slik kan vi rette feila våre sjølve, og dermed lære. Kva du skriv på det nye språket, er i teorien uviktig. Det er berre viktig at du formulerer skriftlege setningar regelbunde. Viss du vil øve, kan du sjå etter ein brevven i utlandet. Ein gong burde du møte personen på ordentleg. Så vil du sjå at det er mykje lettare å prate!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Kroppen reagerer på språk!
    Vi handsamar språk i hjernen. Når vil høyrer eller les, er hjernen aktiv. Det kan vi måle på ulike måtar. Men det er ikkje berre hjernen som reagerer på språklege stimuli. Nye studiar viser at språket aktiverer kroppen vår. Kroppen vår arbeider når han høyrer eller les visse ord. Det er fyrst og fremst ord som skildrar kroppsreaksjonar. Ordet "smile" er eit godt døme på det. Når vi les ordet, rører vi på smilemusklane. Negative ord kan òg ha ein målbar effekt. Eit døme er ordet "smerte". Kroppen vår viser ein smertereaksjon når vil les dette ordet. Du kan seie at vi imiterer det vi les eller høyrer. Di meir levande språket er, di meir tydelegare reagerer vi på det. Ei presis skildring fører til ein sterk reaksjon. Kroppsaktiviteten vart målt i ein studie. Forsøkspersonane fekk sjå ulike ord. Det var positive og negative ord. Mimikken til forsøkspersonane endra seg under testen. Rørslene til munnen og panna endra seg. Det viser at språket har ein sterk verknad på oss. Ord er meir enn eit kommunikasjonsmiddel. Hjernen vår omset språk til kroppsspråk. Nøyaktig korleis det fungerer, er ikkje forska på enno. Det kan hende funna i studien vil få konsekvensar. Medisinarar drøftar korleis dei best skal behandle pasientar. Fordi mange sjuke menneske må ha lang behandling. Og då blir det prata mykje...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Blinde menneske handsamar språk meir effektivt
    Menneske som ikkje kan sjå, høyrer kanskje betre. Difor kan dei navigere seg rundt i kvardagen. Blinde kan òg handsame språk betre! Fleire studiar har kome fram til dette. Forskarar fekk forsøkspersonar til å høyre på tekstar. Så vart lesefarten auka monaleg. Trass det kunne dei blinde forstå tekstane. Dei sjåande forsøkspersonane kunne knapt forstå setningane. For dei var lesefarten for høg. Eit anna eksperiment gav liknande resultat. Sjåande og blinde forsøkspersonar høyrde på ulike setningar. Ein del av kvar setning vart endra. Det siste ordet vart bytt ut med eit nonsens-ord. Forsøkspersonane skulle vurdere setningane. Dei skulle avgjere om setningane gav meining eller ikkje. Hjernen til forsøkspersonane vart undersøkt medan dei løyste oppgåva. Forskarane målte ulike hjernebylgjer. Slik kunne dei sjå kor raskt hjernen løyste oppgåva. Hjå dei blinde kom eit visst signal veldig fort. Dette signalet viser at ein setning blir analysert. Hjå dei sjåande kom signalet mykje seinare. Kvifor blinde handsamar språk meir effektivt, veit vi ikkje. Men forskarane har ein teori. Dei trur at hjernen brukar eit bestemt område intensivt. Det er området som dei sjåande brukar til å handsame synsinntrykk. Hjå dei blinde blir dette området ikkje brukt til syn. Så det er "ledig" til andre oppgåver. Dermed har dei blinde større kapasitet til å handsame språk...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Kva orda fortel oss
    Det finst mange millionar bøker i verda. Vi veit ikkje kor mange som er skrivne fram til i dag. I desse bøkene er store mengder kunnskap lagra. Viss du kunne lese alle, ville du visst mykje om livet. Fordi bøker viser oss korleis verda endrar seg. Kvar tid har sine eigne bøker. I dei kan du skjøne kva som er viktig for mennesket. Diverre kan ingen lese alle bøker. Men moderne teknologi kan hjelpe til å undersøkje bøkene. Gjennom digitalisering kan vi lagre bøker som data. Så kan vi analysere innhaldet. Slik ser språkforskarar korleis språket vårt endrar seg. Det er endå meir interessant å telje ordfrekvensen. Når dei gjer det, kan dei slå fast kor viktige visse ting er. Vitskapsfolk har studert meir enn 5 millionar bøker. Det var bøker frå dei siste fem hundreåra. Til saman vart omlag 500 milliardar ord analyserte. Frekvensen for orda viser korleis menneska levde tidlegare og i dag. Idear og trendar speglar seg i språket. Ordet "menn" har mista noko av tydinga si, til dømes. Det blir sjeldnare brukt no enn før. Ordet "kvinner" blir derimot brukt mykje oftare enn før. Vi kan òg sjå på orda kva vi likar å ete. I 50-åra var ordet "iskrem" særs viktig. Så kom pizza og pasta på moten. I nokre år har ordet "sushi" dominert. Det er godt nytt for alle språkvener... Språket vårt får fleire ord kvart einaste år!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Kreativt språk
    Kreativitet er ein viktig eigenskap i dag. Alle vil vere kreative. Fordi kreative menneske er rekna for å vere intelligente. Språket vårt skal òg vere kreativt. Tidlegare prøvde vi å snakke så korrekt som mogleg. No skal vi snakke så kreativt som mogleg. Reklame og nye media er eit døme på det. Dei viser korleis du kan leike med språk. Dei siste 50 åra har kreativitet vorte mykje viktigare. Til og med forskinga er oppteken av fenomenet. Psykologar, pedagogar og filosofar undersøkjer kreative prosessar. Kreativitet blir definert som evna til å lage noko nytt. Ein kreativ språkbrukar kan altså lage nye språklege former. Det kan vere ord eller grammatiske strukturar. Ved å studere kreativt språk, kan språkforskarar finne ut korleis språket endrar seg. Men ikkje alle menneske forstår nye språklege element. For å forstå kreativt språk, trengst kunnskap. Du må vite korleis språket fungerer. Og du må kjenne til verda språkbrukaren lever i. Berre slik kan du forstå kva språkbrukaren vil seie. Tenåringsslang er eit døme på det. Born og ungdom finn alltid opp nye omgrep. Vaksne forstår ofte ikkje desse orda. Det er no laga ordbøker som forklarer ungdomsspråket. Men dei er oftast utdaterte etter berre ein generasjon! Likevel kan kreativt språk lærast. Instruktørar tilbyr forskjellige kurs for det. Den viktigaste regelen er alltid: aktiver di indre stemme!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Genetisk mutasjon gjer det mogleg å snakke
    Mennesket er den einaste levande skapningen på jorda som kan snakke. Det skil mennesket frå planter og dyr. Sjølvsagt kommuniserer planter og dyr òg med einannan. Men dei meistrar ikkje eit innvikla stavingsspråk. Kvifor kan mennesket snakke? For å snakke, treng du visse fysiske eigenskapar. Desse kroppslege eigenskapane finn vi berre i mennesket. Likevel er det ikkje sjølvsagt at mennesket utvikla dei. I utviklingshistoria hender ingenting utan grunn. Ein stad på vegen byrja mennesket å tale. Vi veit ikkje enno nøyaktig når det hende. Men noko må ha skjedd som gav mennesket språk. Forskarar trur at ein genetisk mutasjon var ansvarleg for det. Antropologar har samanlikna arvestoffet frå ulike levande vesen. Det er godt kjent at eit visst gen påverkar tale. Menneske som har skade på genet, har vanskar med språk. Dei kan ikkje uttrykkje seg godt, og forstår ord dårlegare. Dette genet vart undersøkt hjå menneske, aper og myser. Det er veldig likt hjå menneske og sjimpansar. Det er berre to små skilnader. Men desse skilnadene gjer seg merkande i hjernen. Saman med andre gen, påverkar dei visse hjerneaktivitetar. Difor kan mennesket snakke, og apene ikkje. Men gåta om det menneskelege språket er ikkje løyst med det. Fordi genmutasjonen åleine er ikkje nok for å kunne snakke. Forskarar har implanert den menneskelege genvarianten i myser. Det gav dei ikkje evna til å tale... Men pipinga deira laga litt av eit leven!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Genetisk mutasjon gjer det mogleg å snakke
    Mennesket er den einaste levande skapningen på jorda som kan snakke. Det skil mennesket frå planter og dyr. Sjølvsagt kommuniserer planter og dyr òg med einannan. Men dei meistrar ikkje eit innvikla stavingsspråk. Kvifor kan mennesket snakke? For å snakke, treng du visse fysiske eigenskapar. Desse kroppslege eigenskapane finn vi berre i mennesket. Likevel er det ikkje sjølvsagt at mennesket utvikla dei. I utviklingshistoria hender ingenting utan grunn. Ein stad på vegen byrja mennesket å tale. Vi veit ikkje enno nøyaktig når det hende. Men noko må ha skjedd som gav mennesket språk. Forskarar trur at ein genetisk mutasjon var ansvarleg for det. Antropologar har samanlikna arvestoffet frå ulike levande vesen. Det er godt kjent at eit visst gen påverkar tale. Menneske som har skade på genet, har vanskar med språk. Dei kan ikkje uttrykkje seg godt, og forstår ord dårlegare. Dette genet vart undersøkt hjå menneske, aper og myser. Det er veldig likt hjå menneske og sjimpansar. Det er berre to små skilnader. Men desse skilnadene gjer seg merkande i hjernen. Saman med andre gen, påverkar dei visse hjerneaktivitetar. Difor kan mennesket snakke, og apene ikkje. Men gåta om det menneskelege språket er ikkje løyst med det. Fordi genmutasjonen åleine er ikkje nok for å kunne snakke. Forskarar har implanert den menneskelege genvarianten i myser. Det gav dei ikkje evna til å tale... Men pipinga deira laga litt av eit leven!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Kodeveksling
    Fleire og fleire menneske veks opp som tospråklege. Dei kan prate meir enn eitt språk. Mange av desse menneska vekslar ofte mellom språka. Dei avgjer ut frå situasjonen kva språk dei skal bruke. På jobben pratar dei til dømes eit anna språk enn dei gjer heime. Slik tilpassar dei seg omgjevnadene sine. Men det er òg mogleg å veksle språk spontant. Dette fenomenet heiter kodeveksling. I kodevekslinga blir språket bytt medan du snakkar. Det kan vere mange grunnar til at språkbrukarar byter språk. Ofte finn dei ikkje passande ord på det eine språket. Dei kan uttrykkje seg betre på det andre språket. Det kan òg vere at talaren kjenner seg tryggare på det eine språket. Dei vel dette språket for personlege eller private saker. Nokre gonger finst det ikkje eit bestemt ord på eit språk. I slike tilfelle må talaren byte språk. Eller dei byter språk for å ikkje bli forstått. Kodevekslinga fungerer då som eit konstruert språk. Tidlegare vart det kritisert å blande språk. Det vart sagt at talaren ikkje kunne snakke noko språk skikkeleg. I dag ser vi annleis på det. Kodeveksling er rekna som ein spesiell språkkompetanse. Det kan vere interessant å observere språkbrukarar som kodevekslar. Ofte byter dei ikkje berre språk. Dei endrar andre kommunikative element òg. Mange språkbrukarar pratar raskare, høgare eller tydelegare på det andre språket. Eller dei brukar plutseleg meir kroppspråk og mimikk. På denne måten er kodeveksling litt kulturveksling òg...
     
    وضعیت
    موضوع بسته شده است.
    بالا