▓▓ Egen norsk ▓▓

وضعیت
موضوع بسته شده است.

☾♔TALAYEH_A♔☽

کاربر نگاه دانلود
کاربر نگاه دانلود
عضویت
2017/05/18
ارسالی ها
35,488
امتیاز واکنش
104,218
امتیاز
1,376
Dyrespråk
Når vi vil uttrykkje oss, brukar vi språket vårt. Dyr har òg eit eige språk. Og dei brukar det akkurat som vi menneske. Det tyder at dei pratar med kvarandre for å utveksle opplysingar. I prinsippet meistrar kvar dyreart eit bestemt språk. Til og med termittar kommuniserer med kvarandre. Når dei er i fare, slår dei kroppane sine mot bakken. Slik åtvarar dei kvarandre. Andre dyreartar pip når fiendar nærmar seg. Bier pratar med kvarandre når dei dansar. Dermed viser dei andre bier kor det finst mat. Kvalar lagar lydar som kan høyrast 5000 kilometer unna. Dei kommuniserer med kvarandre med spesielle songar. Hjå elefantane finst det òg forskjellige akustiske signal. Men menneska kan ikkje høyre dei. Dei fleste dyrespråka er særs kompliserte. Dei inneheld ein kombinasjon av ulike teikn. Dei brukar akustiske, kjemiske og optiske signal. Dessutan brukar dyra ulike rørsler. Til no har menneska lært språket til husdyra sine. Vi skjønar når hundar er glade. Og vi forstår når kattar vil vere åleine. Men hundar og kattar pratar heilt ulike språk. Fleire teikn er til og med heilt motsette. Vi trudde lenge at desse to dyra rett og slett ikkje likte kvarandre. Men dei berre misforstår kvarandre. Det førte til problem mellom hundar og kattar. Så dyra kjempar òg mot misforståingar...
 
  • پیشنهادات
  • ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Verdsspråket engelsk
    Engelsk er det mest utbreidde språket i verda. Men mandarin, eller høgkinesisk, har det høgste talet med morsmålsbrukarar. Engesk er morsmål for «berre» 350 millionar menneske. Trass dette har engelsk stor påverknad på andre språk. Sidan midten av det 20. hundreåret har engelsk vorte enormt mykje viktigare. Det er fyrst og fremst fordi USA har vorte ei supermakt. I mange land er engelsk det fyrste framandspråket i skulen. Internasjonale organisasjonar brukar engelsk som offisielt språk. Engelsk er òg offisielt språk eller omgangsspråk i mange land. Men det er mogleg at andre språk snart overtek desse funksjonane. Engelsk høyrer til dei vestgermanske språka. Difor er det nærskyld tysk, til dømes. Dei siste 1000 åra har språka forandra seg mykje. Tidlegare var engelsk eit bøyingsspråk. I dag har dei fleste endingane med grammatiske funksjonar falle bort. Difor kan du i dag rekne engelsk til dei analytiske språka. Denne typen språk liknar meir på kinesisk enn på tysk. I framtida blir truleg engelsk endå meir forenkla. Dei sterke verba blir kjem truleg til å falle bort. Samanlikna med andre indoeuropeiske språk er engelsk enkelt. Men engelsk rettskriving er veldig vanskeleg. Det er fordi skrifta og uttalen er sterkt skilde frå kvarandre. Rettskrivinga i engelsk har vore lik i fleire hundre år. Uttalen har derimot endra seg mykje. Konsekvensen er at dei framleis skriv slik dei snakka i år 1400. Og det er fleire inkonsekvensar i uttalen. Berre for bokstavkombinasjonen ough finst det seks variantar! Prøv sjølv! – thorough, thought, through, rough, bough, cough.
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Raske språk, langsame språk
    Det er over 6000 språk i verda. Alle har den same funksjonen. Dei hjelper oss å utveksle informasjon. Det skjer på ulike måtar i dei ulike språka. Fordi kvart språk fylgjer sine eigne reglar. Talefarten i eit språk er òg forskjellig. Det har språkforskarar vist gjennom ulike studiar. Korte tekstar vart omsette til fleire språk. Morsmålsbrukarar las tekstane høgt. Resultatet var tydeleg. Japansk og spansk er dei raskaste språka. I desse språka blir det uttala nesten åtte stavingar per sekund. Kinesarane snakkar tydeleg saktare. Dei uttalar berre fem stavingar i sekundet. Talefarten avheng av kor komplekse stavingane er. Når stavingane er komplekse, varer uttalen lengre. Tysk, til dømes, har tre lydar i kvar staving. Difor blir det snakka relativt langsamt. Å snakke fort betyr likevel ikkje at det er mykje å seie. Tvert imot! I raske stavingar er det berre litt informasjon. Sjølv om japanarane snakkar fort, overfører dei lite innhald. Det «langsame» språket kinesisk uttrykkjer derimot meir med færre ord. Stavingar på engelsk inneheld òg mykje informasjon. Det interessante er at alle dei undersøkte språka er omtrent like effektive! Det tyder at den som pratar langsamt, uttrykkjer meir. Og den som pratar fort, treng fleire ord. Til sjuande og sist kjem alle fram til målet omtrent likt...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Det baskiske språket
    I Spania blir det rekna med fire språk. Det er spansk, katalansk, galisisk og baskisk. Det baskiske språket er det einaste som ikkje har romanske røter. Det blir tala i grenseområdet mellom Spania og Frankrike. Om lag 800.000 menneske pratar baskisk. Baskisk blir rekna som det eldste språket på det europeiske kontinentet. Opphavet til dette språket er likevel ikkje kjent. Difor er baskisk framleis ei gåte for språkforskarar. Baskisk er òg det einaste isolerte språket i Europa. Det tyder at det ikkje er i slekt med nokon andre språk. Grunnen til det kan vera geografien. Mellom fjella og kysten har det baskiske folket alltid levd isolert. Difor overlevde språket etter invasjonen frå indogermanarane. Omgrepet «baskar» kjem frå det latinske ordet «vascones». Baskarane sjølve kallar seg Euskaldunak, altså dei som pratar baskisk. Det viser kor mykje dei identifiserer seg med språket euskara. I fleire hundre år vart euskara fyrst og fremst vidareført munnleg. Difor finst det berre nokre få gamle skriftlege kjelder. Språkstandardiseringa er framleis ikkje avslutta. Dei fleste baskarar er to- eller fleirspråklege. Men dei tek godt vare på baskisk språk og kultur. Fordi Baskarland er eit sjølvstyrt område. Det gjer språkpolitiske prosessar og kulturelt program lettare å avgjere. Born kan velje mellom baskisk og spansk opplæring. Og det finst ulike typisk baskiske idrettar. Det ser altså ut til at språket og kulturen til baskarane har ei framtid. Eit baskisk ord er kjent over heile verda. Det er etternamnet til «El Che»... ja, det stemmer, Guevara!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Det maltesiske språket
    Mange europearar som vil bli flinkare i engelsk, reiser til Malta. Det er fordi engelsk er det offisielle språket i denne søreuropeiske øystaten. Og Malta er kjent for dei mange språkskulane. Men det er ikkje dette som gjer landet interessant for språkforskarar. Dei er interesserte i Malta av andre grunnar. Republikken Malta har nemleg eit anna offisielt språk: maltesisk (eller malti). Dette språket utvikla seg frå ein arabisk dialet. Dermed er malti det einaste semittiske språket i Europa. Syntaksen og fonologien er likevel annleis enn i arabisk. Maltesisk blir òg skrive med latinsk skrift. Alfabetet inneheld rett nok nokre særskilte teikn. Og bokstavane c og y blir ikkje brukte. Ordforrådet innehelt element frå mange forskjellige språk. I tillegg til arabisk, er italiensk og engelsk viktige. Men fønikarane og kartagarane påverka òg språket. Nokre forskarar ser difor på maltesisk som eit kreolspråk. Gjennom historia har Malta vore okkupert av mange ulike makter. Alle lét etter seg spor på øyene Malta, Gozo og Comino. I lange tider var malti berre eit lokalt daglegspråk. Likevel var det alltid morsmålet til dei "ekte" maltesarane. Det vart berre lært vidare munnleg. Fyrst i det 19. hundreåret byrja dei å skrive på språket. I dag blir det rekna med om lag 330.000 morsmålsbrukarar. Malta har vore medlem i den europeiske unionen sidan 2004. Dermed har malti vorte eit av dei offisielle EU-språka. Men for maltesarane er det heilt enkelt ein del av kulturen deira. Og dei blir glade når utlendingar vil lære malti. For det er rikeleg med språkskular på Malta...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språk og musikk
    Musikk er eit fenomen over heile verda. Alle folkeslag på jorda lagar musikk. Og musikk blir forstått i alle kulturar. Det har ein vitskapleg studie vist. I studien vart vestleg musikk spelt til ein isoliert folkestamme. Denne afrikanske stammen hadde ingen tilgang til den moderne verda. Likevel kjende dei att glade eller triste songar når dei høyrde dei. Kvifor dette er slik, har aldri vorte undersøkt. Men musikk ser ut til å vere eit språk utan grenser. Og vi har alle på ein eller annan måte lært å tolke han rett. Likevel har musikk ingen nytte i evolusjonen. At vi likevel kan forstå han, heng saman med språket vårt. Fordi musikk og språk høyrer saman. Dei blir handsama likt av hjernen. Og dei fungerer likt. Båe kombinerer tonar og lydar etter visse reglar. Til og med speborn forstår musikk som dei høyrde i livmora. Der høyrer dei melodien i morsmålet sitt. Når dei kjem til verda, kan dei forstå musikk. Du kan seie at musikk imiterer melodien i språket. Talefart blir òg brukt for å uttrykkje kjensler, både i musikk og språk. Gjennom språkkunnskapen vår kan vi altså forstå kjensler i musikk. På andre sida har musikalske menneske ofte lettare for å lære språk. Mange musikarar merkar seg språk som melodiar. Dermed kan dei hugse språk betre. Det er òg interessant at voggesongar verda rundt kling nokså likt. Det viser kor internasjonalt det musikalske språket er. Og kanskje òg det vakraste av alle språk...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Gen påverkar språket
    Kva språk vi snakkar, er avhengig av herkomsten vår. Men gena våre er òg ansvarlege for språket vårt. Det har skotske forskarar funne ut. Dei undersøkte korleis engelsk skil seg frå kinesisk. I det arbeidet fann dei ut at gen òg spelar ei rolle. Fordi gena påverkar korleis hjernen utviklar seg. Det tyder at dei formar hjernestrukturane våre. Dermed blir evna til å lære språk òg forma. Variantar av to gen avgjer dette. Når ein viss variant er sjeldan, utviklar det seg tonespråk. Tonespråk blir altså brukte av folkeslag utan desse genvariantane. I tonespråk avgjer tonehøgda kva orda tyder. Kinesisk er eit døme på tonespråk. Viss genvarianten derimot dominerer, utviklar det seg andre språk. Engelsk er ikkje eit tonespråk. Variantane av dette genet er ikkje jamnt fordelte. Det tyder at dei førekjem i ulik grad i verda. Men språk overlever berre om dei blir vidareførte. For å få til det, må borna kunne imitere språket til foreldra sine. Dei må vere i stand til å lære språket godt. Berre då vil det bli vidareført frå generasjon til generasjon. Den eldre genvarianten er den som er gunstig for tonespråk. Altså fanst det truleg fleire tonespråk før enn no. Men vi må ikkje leggje for stor vekt på genetikken. Han kan berre bidra til å forklare språkutviklinga. Men det finst ikkje eit gen for engelsk, eller eit gen for kinesisk. Alle kan lære eitkvart språk. Du treng ikkje gen til det, berre nyfikne og disiplin!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Framtida til språka
    Meir enn 1,3 milliardar menneske snakkar kinesisk. Med det er kinesisk det mest tala språket i verda. Det kjem til å vere slik dei neste åra òg. Framtida til mange andre språk ser ikkje så positiv ut. Fordi mange lokale språk vil døy ut. Rundt 6.000 ulike språk blir tala i dag. Men ekspertar trur at flesteparten av dei er truga. Det tyder at om lag 90% av alle språk vil forsvinne. Dei fleste av dei vil døy ut i dette hundreåret. Det tyder at eit språk vil gå tapt kvar dag. Kor viktige språka er, vil òg endre seg i framtida. Engelsk er framleis på andreplass. Men talet på morsmålsbrukarar er ikkje konstant. Den demografiske utviklinga har ansvaret for det. Om nokre tiår vil andre språk dominere. Hindi/urdu og arabisk vil snart vere på 2. og 3. plass. Engelsk vil berre vere på 4. plass. Tysk vil gå heilt ut av topp ti-lista. I staden vil malay høyre til dei viktigaste språka. Medan mange språk døyr ut, vil nye kome til. Det kjem til å vere hybridspråk. Desse språklege blandingsformene vil fyrst og fremst bli brukte i byane. Det kjem òg til å oppstå heilt nye språkvariantar. Så i framtida vil det vere fleire former for engelsk. Talet på tospråklege vil auke mykje over heile verda. Korleis vi kjem til å tale i framtida, er ikkje sikkert. Men til og med om 100 år vil det finnast ulike språk. Så det blir ikkje slutt på å lære...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språket i bilete
    Eit tysk ordspråk seier: Eit bilete seier meir enn tusen ord. Det tyder at bilete ofte blir forstått fortare enn språk. Bilete kan òg vise kjensler betre. Difor blir det brukt mange bilete i reklamen. Bilete fungerer annleis enn språk. Dei viser oss mange ting på likt, og verkar som heilskap. Det tyder at heile biletet til saman har ein bestemt effekt. Med språk treng du mange fleire ord. Men bilete og språk høyrer saman. Vi treng språk for å skildre eit bilete. På same måten blir mange tekstar fyrst forståelege gjennom bilete. Lingvistar forskar på forholdet mellom bilete og språk. Det er òg eit spørsmål om bilete er eit språk i seg sjølv. Viss noko berre blir filma, kan vi sjå på bileta. Men bodskapen i filmen er ikkje konkret. Viss eit bilete skal fungere som språk, må det vere konkret. Di mindre det viser, di klårare er bodskapen. Piktogram er eit godt døme på det. Piktogram er enkle og eintydige biletteikn. Dei erstattar verbalspråk, og er ei form for visuell kommunikasjon. Alle kjenner piktogrammet for "røyking forbode". Det viser ein sigarett med ei linje over. Gjennom globaliseringa blir bileta viktigare. Men du må lære språket deira. Det er ikkje forståeleg over heile verda, sjølv om mange trur det. Det er ford kulturen vår påverkar korleis vi forstår bilete. Det vi ser, kjem an på fleire faktorar. Så nokre menneske ser ikkje sigarettar, berre svarte linjer.
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Berre sterke ord overlever!
    Ord som blir brukte sjeldan, forandrar seg oftare enn dei som blir brukte mykje. Det kan ha med utviklingslovene å gjere. Vanlege gen forandrar seg lite gjennom tida. Dei er meir stabile i forma. Og det same ser ut til å gjelde for ord! I ein studie vart engelske verb undersøkte. Den noverande forma vart samanlikna med gamle former. På engelsk er dei ti vanlegaste verba sterke verb. Dei fleste andre verba er svake. Men i mellomalderen var dei fleste verba sterke. Så sterke verb som vart lite brukte, vart til svake verb. Om 300 år vil engelsk knapt ha sterke verb att. Andre studiar viser òg at språket vårt blir valt ut på same måte som gen. Forskarar samanlikna vanlege ord frå ulike språk. Dei valde ord som likna på kvarandre, og som tydde det same. Eit døme er orda water, Wasser, vatten. Desse orda har same rota, og difor liknar dei på kvarandre. Sidan dei er viktige ord, blir dei brukte ofte i alle språk. På denne måten held dei forma si - og liknar på kvarandre til denne dag. Mindre viktige ord endrar seg mykje snøggare. Eller dei blir erstatta av andre ord. Difor er mindre brukte ord ulike i forskjellige språk. Kvifor sjeldne ord endrar seg, er ikkje klart. Det kan hende at dei blir brukte eller uttala feil. Det er fordi brukarane ikkje er kjende med dei. Men det kan òg vere at viktige ord alltid må vere like. Fordi berre då kan dei bli forståtte rett. Og orda er der for å bli forståtte...
     
    وضعیت
    موضوع بسته شده است.
    بالا