▓▓ Egen norsk ▓▓

وضعیت
موضوع بسته شده است.

☾♔TALAYEH_A♔☽

کاربر نگاه دانلود
کاربر نگاه دانلود
عضویت
2017/05/18
ارسالی ها
35,488
امتیاز واکنش
104,218
امتیاز
1,376
Å lære i søvne
Framandspråk høyrer med til ei god allmennutdanning. Om det berre ikkje var så keisamt å lære dei! For alle som synest det er vanskeleg, finst det godt nytt. Vi lærer nemleg mest effektivt når vi søv! Fleire vitskaplege studiar har kome fram til dette. Og det kan vi bruke til å lære språk! I søvne går vi gjennom hendingane frå dagen. Hjernen vår analyserer dei nye inntrykka. Alt vi har opplevd, blir tenkt gjennom ein gong til. Slik festar nytt innhald seg i hjernen. Ting vi har lært rett før vi sovnar, festar seg ekstra godt. Difor kan det hjelpe å ta fram att viktige saker om kvelden. Ulike svevnfasar er viktige for ulik læring. Draumesvevnen (REM-fasen) støttar psykomotorisk læring. Til det høyrer til dømes musikk og sport. Motsett lærer vi rein kunnskap i den djupe svevnen. Her går vi gjennom alt vi har lært. Også ordforråd og grammatikk! Når vi lærer språk, må hjernen vår arbeide mykje. Han må lagre nye ord og nye reglar. I søvne blir alt spelt av på nytt. Forskarar kallar dette Replay-teorien. Her er det viktig at du søv godt. Kropp og hjerne må lade opp skikkeleg. Berre då kan hjernen arbeide effektivt. Du kan seie: god søvn gjev godt tankearbeid. Medan vi søv roleg, er hjernen framleis aktiv... Så: Gute Nacht, good night, buona notte, dobrou noc!
 
  • پیشنهادات
  • ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Latin, eit levande språk?
    I våre dagar er engelsk det viktigaste verdsspråket. Det blir lært over heile verda, og er det offisielle språket i mange land. Tidlegare hadde latin denne funksjonen. Latin vart opphaveleg tala av latinarane. Dei budde i Latium, med Roma som hovudstad. Med utvidinga av romarriket spreidde språket seg. I antikken var latin morsmål for fleire folkeslag. Dei budde i Europa, Nord-Afrika og Midt-Austen. Latin som talespråk skilde seg frå den klassiske latinen. Det var eit daglegspråk som vart kalla vulgærlatin. I dei romaniserte områda fanst det fleire dialektar. I mellomalderen utvikla det seg fleire nasjonalspråk frå dialektane. Dei språka som stammar frå latin, heiter romanske språk. Italiensk, spansk og portugisisk høyrer til dei. Fransk og rumensk er òg basert på latin. Men latin døydde aldri heilt ut. Det var eit viktig handelsspråk til innpå 1800-talet. Og det vart verande språket til dei velutdanna. Latin er eit viktig språk i vitskapen no i dag. Fleire fagomgrep er av latinsk opphav. Og i skulane blir latin framleis lært som framandspråk. Universitet krev somtid latinkunnskap. Latin er altså ikkje daudt, sjølv om det ikkje blir snakka meir. Dei siste åra har latin til og med kome tilbake. Talet på menneske som vil lære latin, stig jamt og trutt. Det blir framleis sett som ein nykjel til språk og kultur i mange land. Så gå gjerne laus på latinen! Audaces fortuna adiuvat, lukka hjelper den tapre!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Teikn som språk
    Menneska utvikla språk for å kommunisere. Dauve og tunghøyrde har òg eit eige språk. Det er teiknspråk, grunnspråket til alle dauve. Det er bygd opp av teiknkombinasjonar. Dermed er det eit visuelt språk, altså «synleg». Er dette teiknspråket forståeleg internasjonalt? Nei, teiknspråk har òg forskjellige nasjonalspråk. Kvart land har sitt eige teiknspråk. Og dei blir påverka av sivilisasjonen i landet. Det er fordi språk alltid utviklar seg frå kultur. Slik er det òg for talespråk. Likevel finst det eit internasjonalt teiknspråk. Teikna der er litt meir kompliserte. Uansett liknar dei nasjonale teiknspråka på kvarandre. Fleire teikn er ikoniske. Dei tek utgangspunkt i forma på den tingen dei representerer. Det mest utbreidde teiknspråket er det amerikanske. Teiknspråka er anerkjende som fullverdige språk. Dei har sin eigen grammatikk. Denne er ulik grammatikken i talespråk. Difor kan du ikkje omsetje teiknspråk ord for ord. Det finst endåtil tolkar for teiknspråk. Med teiknspråket blir opplysingane gjevne parallelt. Det tyder at eit enkelt teikn kan uttrykkje ein heil setning. I teiknspråket finst det òg dialektar. Regionale særpreg har sine eigne teikn. Og kvart teiknspråk har sitt eige tonefall og setningsmelodi. Det er like sant for teikn som tale: dialekten viser kor du kjem frå!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Kreolspråk
    Visste du at tysk blir tala i Stillehavet òg? Det stemmer faktisk! I delar av Papua Ny-Guinea og Australia pratar dei Unserdeutsch. Det er eit kreolspråk. Kreolspråk oppstår i situasjonar med språkkontakt. Det tyder når fleire ulike språk møter kvarandre. No er mange kreolspråk nesten utdøydde. Likevel pratar framleis 15 millionar menneske eit kreolspråk. Kreolspråk er alltid morsmål. Pidgin-språk er annleis. Pidgin-språk er særs forenkla språkformer. Dei tener berre til enkel kommunikasjon. Dei fleste kreolspråka oppsto i kolonitida. Difor er kreolspråk ofte avleidde av europeiske språk. Eit kjenneteikn på kreolspråk er det avgrensa ordtilfanget. Kreolspråka har òg eit eige lydsystem, dvs. fonologi. Grammatikken i kreolspråka er sterkt forenkla. Innvikla reglar blir heilt enkelt ignorerte. Kreolspråka er ein viktig del av nasjonalidentiteten. Difor finst det mykje litteratur på kreolspråk. For språkforskarar er kreolspråka spesielt interessante. Dei viser korleis språk oppstår og døyr ut. I kreolspråka kan forskarane studere språkutviklinga. Dei viser også at språka kan forandre og tilpasse seg. Fagdisiplinen for å forske på kreolspråk heiter kreolistikk. Ein av dei mest kjende setningane på kreolspråk kjem frå Jamaica. Det var Bob Marley som gjorde han verdskjend – kan du han? Det er No woman, no cry! ( = No, woman, don’t cry!)
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Kvinner og menn pratar ulikt
    Alle veit at kvinner og menn er ulike. Men visste du at dei òg pratar ulikt? Det har fleire studiar vist. Kvinner brukar ofte andre språkmønster enn menn. Dei er ofte meir indirekte og tilbakehaldne i talemåten. Menn, derimot, brukar oftare ein meir direkte talemåte. Emna dei pratar om, er òg ulike. Menn pratar meir om nyhende, økonomi og sport. Kvinner pratar oftare om sosiale emne, som familie eller helse. Menn pratar òg gjerne om fakta. Kvinner heller om menneske. Det er påfallande at kvinner legg vekt på å uttrykkje seg «svakare». Det tyder at dei uttrykkjer seg meir forsiktig og høfleg. Kvinner stiller òg fleire spørsmål. Det er truleg at dei på denne måten prøver å oppnå semje og unngå konflikt. Vidare har kvinner eit mykje større ordforråd for kjensler. For menn er ein samtale ofte ein slags konkurranse. Språket deira er tydeleg meir provoserande og aggressivt. Og menn seier færre ord kvar dag enn kvinner gjer. Nokre forskarar trur dette er på grunn av korleis hjernen er bygd opp. Fordi hjernen til kvinner og menn er ulik. Det tyder at språksentra deira har ulik struktur. Sannsynlegvis er andre faktorar viktige for språket vårt. Vitskapen har ikkje arbeidd lenge med dette området. Trass det pratar ikkje kvinner og menn heilt ulikt. Det treng altså ikkje bli misforståingar. Det finst mange framgangsmåtar for ein god kommunikasjon. Den enklaste er: Høyr betre etter!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Media og språk
    Språket vårt blir påverka av media. Særleg dei nye media har ei stor rolle. Gjennom SMS, e-post og nettprat har det utvikla seg eit eige språk. Dette mediespråket er sjølvsagt ulikt i kvart land. Nokre kjenneteikn finst likevel i alle mediespråk. Framfor alt er farten viktig for oss som brukarar. Sjølv om vi skriv, vil vi gjerne ha ein straks-kommunikasjon. Det tyder at vi snøggast råd vil utveksle informasjon. Altså simulerer vi ein ordentleg talesituasjon. Språket vårt har difor fått eit munnleg drag. Ord eller setningar blir særs ofte forkorta. Grammatikk- og teiknsetjingsreglar blir ofte oversette. Rettskrivinga vår blir friare, og preposisjonar manglar ofte heilt. Kjensler blir berre sjeldan uttrykte med ord i mediespråka. Her bruker vil heller såkalla smilefjes, emoticons. Det er symbol som skal vise kva vi føler. Det finst òg eigne kodar for SMS og slang for nettprat. Mediespråket er difor eit forenkla språk. Det blir brukt av dei fleste brukarane på liknande måte. Studiar viser at utdanning eller intellekt ikkje er viktig her. Særleg unge menneske bruker gjerne mediespråket. Kritikarar meiner at språket vårt er i fare. Vitskapen ser ikkje fullt så pessimistisk på fenomenet. Det er fordi born og unge godt forstår når dei må skrive korleis. Ekspertar trur at det nye mediespråket kan ha fleire fordelar. Av di det kan byggje opp språkkompetansen og kreativiteten til born. Og: Det blir skrive mykje meir i dag – ikkje brev, men epostar! Vi er glade for det!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Læring og kjensler
    Vi er glade når vi kan samtale på eit nytt framandspråk. Vi er stolte av oss sjølve og framstega våre. Har vi derimot lite framgang, blir vi sinte eller skuffa. Læring har altså med forskjellige kjensler å gjere. Nye studiar har gjeve interessante resultat. Dei viser at kjensler òg spelar ei stor rolle under læringa. Det er fordi kjenslene påverkar læringsutbytet vårt. For hjernen vår er læring alltid ei oppgåve. Og denne oppgåva vil han løyse. Om hjernen greier å løyse oppgåva, er avhengig av kjenslene våre. Om vi trur at vi kan løyse problemet, har vi god sjølvkjensle. Denne emosjonelle stabiliteten hjelper oss å lære. Positiv tankegang framhevar dermed dei intellektuelle evnene våre. Å lære under stress fungerer derimot mykje dårlegare. Tvil eller sorg hindrar gode resultat. Vi lærer spesielt dårleg når vi er redde. Då greier ikkje hjernen å lagre nytt innhald. Difor er det viktig at vi alltid er motiverte når vi lærer. Så kjensler påverkar læringa. Men læringa påverkar kjenslene òg! Dei hjernestrukturane som handsamar fakta, handsamar òg kjensler. Difor kan læring gjere deg lukkeleg, og den som er lukkeleg, lærer betre. Sjølvsagt er det ikkje alltid moro å lære, det kan vere slitsamt òg. Difor burde vi alltid setje oss små mål. Slik overarbeider vi ikkje hjernen. Og vi er sikre på at vi kan oppfylle forventningane våre. Når vi lukkast, er det ei løn som motiverer oss vidare. Altså: lær – og smil attpå!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Ord og ordtilfang
    Kvart språk har sitt eige ordforråd. Det har eit visst tal ord. Eit ord er ei sjølvstendig språkleg eining. Ord har alltid ei sjølvstendig tyding. Det er skilnaden på ord og lydar eller stavingar. Talet på ord er ulikt i kvart språk. Til dømes engelsk har særs mange ord. Det er til og med verdsmeister når det gjeld ordtilfang. Engelsk skal ha meir enn ein million ord i dag. Oxford English Dictionary har meir enn 600.000 ord. Kinesisk, spansk eller russisk har langt færre ord. Ordtilfanget i eit språk er avhengig av historia til språket. Engelsk har vorte påverka av mange språk og kulturar. Difor har det engelske ordtilfanget vokse mykje. Men i dag òg blir det engelske ordforrådet større og større. Ekspertar reknar med at det kjem til 15 nye ord kvar dag. Desse kjem oftast frå nye medium. Det vitskaplege fagspråket tel ikkje med i det talet. For den kjemiske fagterminologien åleine omfattar tusenvis av ord. I mest alle språk blir lange ord brukt sjeldnare enn korte. Og dei fleste talarar brukar berre særs få ord. Dessutan skil vi mellom aktivt og passivt ordforråd. Det passive ordforrådet inneheld dei orda vi forstår. Men vi brukar dei ikkje, eller berre særs sjeldan. Det aktive ordforrådet er dei orda vi brukar ofte. For enkelt talespråk eller tekstar held det med få ord. I engelsk treng du difor berre om lag 400 ord og 40 verb. Så ikkje ver lei deg om du har eit avgrensa ordtilfang!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Tidleg læring
    Framandspråk blir støtt viktigare i dag. Det gjeld òg i yrkeslivet. Difor har talet på menneske som lærer framandspråk stige. Mange foreldre ynskjer dessutan at borna deira lærer framandspråk. Helst når dei er unge. Rundt i verda finst det mange internasjonale grunnskular. Barnehagar med fleirspråkleg oppdraging blir òg meir populære. Å begynne å lære så tidleg, har fleire fordelar. Det er på grunn av utviklinga i hjernen vår. Hjernen byggjer strukturar for språk opp til det fjerde leveåret. Dette nevronnettverket hjelper oss å lære. Seinare i livet blir det ikkje laga slike strukturar så lett. Eldre born og vaksne har mykje vanskelegare for å lære språk. Difor burde vi oppmode til å utvikle hjernen vår tidleg. Kort sagt: Di yngre, di betre. Det finst likevel menneske som kritiserer den tidlege læringa. Dei fryktar at å lære fleire språk overanstrenger borna. I tillegg er det ein fare for at dei ikkje lærer nokon av språka skikkeleg. Frå eit vitskapleg synspunkt er det ikkje grunnlag for denne tvilen. Dei fleste lingvistar og nevropsykologar er optimistiske. Studiane deira viser positive funn. Born synest for det meste at språklæringa er morosam. Og når born lærer språk, tenkjer dei òg på språk. Difor lærer dei morsmålet sitt gjennom å lære framandspråk. Dei har utbyte av denne språkkunnskapen heile livet. Kanskje det endåtil er betre å starte med vanskelege språk. Fordi hjernen til born lærer snøgt og intuitivt. Det spelar inga rolle for hjernen om han lagrar hello, chao eller néih hóu!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Læring og læringsmåtar
    Den som gjer små framsteg, lærer kanskje på feil måte. Det tyder at han ikkje lærer på ein måte som passar med læringstypen hans. Generelt skil vi mellom fire læringstypar. Desse læringstypane blir knytte til sanseorgana. Det finst auditive, visuelle, kommunikative og motoriske læringstypar. Auditive typar hugsar best det dei høyrer. Dei kan til dømes hugse melodiar lett. Når dei studerer, les dei høgt for seg sjølve. Dei lærer nye ord ved å seie dei. Denne typen pratar ofte med seg sjølv. For desse personane er CDar eller føredrag om emnet til hjelp. Den visuelle typen hugsar best det han ser. For han er det altså viktig å lese opplysingar. Han tek mange notat når han studerer. Han lærer godt ved å bruke bilete, tabellar og biletkort. Denne typen les mykje, og drøymer ofte og sterkt. Han lærer best i vakre omgjevnader. Den kommunikative typen likar best samtaler og ordskifte. Han treng samhandling, altså dialog med andre. Dei spør mange spørsmål i klassa, og likar gruppearbeid. Den motoriske typen lærer best ved å røre på seg. Dei likar best å lære ved å gjere, og vil prøve ut alt mogleg. Dei likar å vere fysisk aktive når dei studerer, eller dei tygg tyggjegummi. Dei likar ikkje teoriar, men eksperiment. Det er viktig å hugse at mest alle menneske er blandingstypar. Det finst ingen som passar til berre ein læringstype. Dessutan lærer vi best når vi bruker alle sansane. Då blir hjernen vår aktivert på fleire måtar og lagrar ny kunnskap betre. Høyr, les, og diskuter nye ord! Og så kan du drive idrett!
     
    وضعیت
    موضوع بسته شده است.
    بالا