▓▓ Egen norsk ▓▓

وضعیت
موضوع بسته شده است.

☾♔TALAYEH_A♔☽

کاربر نگاه دانلود
کاربر نگاه دانلود
عضویت
2017/05/18
ارسالی ها
35,488
امتیاز واکنش
104,218
امتیاز
1,376
Språk og reklame
Reklame er ein spesiell form for kommunikasjon. Han vil opprette kontakt mellom produsentar og kundar. Som all annan form for kommunikasjon, har reklamen ei lang historie. Allereie i antikken vart det reklamert for politikarar eller tavernaer. Reklamespråket bruker spesielle element frå retorikken. Fordi det har eit mål, og difor er planlagt kommunikasjon. Meininga er at vi skal bli merksame, og at interessa vår skal bli vekt. Framfor alt skal vi få lyst på produktet, og kjøpe det. Difor er reklamespråket oftast særs enkelt. Berre nokre få ord og enkle slagord blir brukte. Slik skal tankane våre lett kunne lagre innhaldet. Visse ordtypar, slik som adjektiv og superlativ, er vanlege. Dei skildrar produktet som særskilt bra. Reklamespråket er difor oftast veldig positivt farga. Det er interessant at reklamespråket alltid er påverka av kulturen. Det tyder at reklamespråket seier mykje om samfunn. I dag dominerer uttrykk som «ung» og «vakker» i mange land. Ord som «framtid» og «sikkerheit» er òg vanlege. Særleg i vestlege samfunn blir engelsk mykje brukt. Engelsk går for å vere moderne og internasjonalt. Dermed passar det bra til tekniske produkt. Element frå romanske språk står for nyting og lidenskap. Dei blir gjerne brukte for mat eller kosmetikk. Dei som brukar dialektar, vil framheve verdiar som heim og tradisjon. Produktnamna er ofte neologismar, altså nylaga ord. Oftast tyder dei ingenting, dei har berre ein fin klang. Men mange produktnamn kan skape karrierar! Namnet på ein støvsugar har til og med vorte eit verb på engelsk – to hoover!
 
  • پیشنهادات
  • ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Du kan lære å snakke med utbyte!
    Å snakke er ganske enkelt. Å snakke med utbyte, derimot, er mykje vanskelegare. Korleis vi seier noko er nemleg viktigare enn det vi seier. Det har forskjellige studiar vist. Tilhøyrarane legg nemleg umedvete merke til visse kjenneteikn ved språket. Dermed kan vi styre om tala vår blir godt teken imot. Vi må berre alltid passe nøye på korleis vi snakkar. Det gjeld òg kroppsspråket. Det må vere autentisk og høve til personlegdomen vår. Stemma spelar òg ei rolle, fordi ho alltid blir vurdert. Hjå menn er det til dømes ein fordel med ei djup røyst. Det får talaren til å verke sjølvsikker og kunnig. Variasjon i stemmebruken har derimot ingen verknad. Men særleg viktig er farten du snakkar med. I eksperiment vart det undersøkt kor vellukka ei tale var. Vellukka tale tyder her å overtale andre. Den som vil overtale andre, bør ikkje tale for fort. Då gjev han intrykk av at han ikkje er ærleg. Men å tale for langsamt her heller ikkje tenleg. Menneske som snakkar særs sakte, verkar mindre intelligente. Det beste er altså å snakke middels fort. Det ideelle er 3,5 ord i sekundet. Pausar er også viktige når du snakkar. Dei får språket vårt til å verke meir naturleg og truverdig. Det fører til at tilhøyrarane stolar på oss. Det beste er fire eller fem pausar i minuttet. Så prøv å kontrollere tala di betre! Då kan neste intervju berre kome...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Tonespråk
    Nesten alle språka som blir tala over heile verda er tonespråk. I tonespråk er tonehøgda avgjerande. Ho avgjer kva tyding ord eller stavingar har. Dermed høyrer tonen klart saman med ordet. Dei fleste språka som blir tala i Asia er tonespråk. Kinesisk, thai og vietnamesisk er døme på det. I Afrika finst det òg forskjellige tonespråk. I tillegg er fleire innfødde språk i Amerika tonespråk. Indogermanske språk inneheld oftast berre element frå tonespråk. Det gjeld til dømes svensk eller serbisk. Talet på tonehøgder varierer mellom dei ulike språka. På kinesisk skil vil mellom fire ulike tonehøgder. Stavinga «ma» kan dermed ha fire ulike tydingar. Det er mor, hamp, hest, og å skravle. Det er interessant at tonespråka verkar inn på gehøren vår. Studiar på absolutt gehør har vist det. Absolutt gehør er evna til å avgjere presis kva tone vi høyrer. I Europa og Nord-Amerika er det sjeldan å finne absolutt gehør. Færre enn 1 av 10.000 personar har det. Det er annleis hjå dei som har kinesisk som morsmål. Her har ni gonger fleire menneske denne evna. Som småborn hadde vi alle absolutt gehør. Vi brukte nemleg evna til å lære å prate. Diverre mistar dei fleste menneske denne evna att. Tonehøgda er sjølvsagt viktig i musikk òg. Det gjeld spesielt i kulturar som har tonespråk. Dei må halde seg særs presis til melodien. Elles kan ein vakker kjærleikssong bli ei vetlaus vise!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språkendring
    Den verda vi lever i, endrar seg kvar dag. Difor kan ikkje språket stagnere heller. Det utviklar seg saman med oss, altså er det dynamisk. Slik språkendring kan gjelde alle område av språket. Det tyder at endringa kan påverke nokre deler av språket. Fonologiske endringar vedkjem lydsystemet i eit språk. Ved semantisk endring forandrar ordtydinga seg. Leksikalske endringar tyder at ordtilfanget blir annleis. Grammatiske endringar gjev endringar i grammatiskkstrukturen. Det er mangfaldige grunnar til språkendring. Ofte ligg det økonomiske grunnar bak. Dei som snakkar eller skriv, vil gjerne spare tid eller innsats. Difor forenklar dei språket sitt. Oppfinningar kan òg føre til endringar i språket. Det kan til dømes skje når det blir funne opp nye ting. Desse tinga treng eit namn, og dermed oppstår det nye ord. Oftast er språkendringar ikkje planlagde. Det er ein naturleg prosess, og skjer ofte automatisk. Men språkbrukarar kan variere språket sitt ganske mykje med vilje. Det gjer dei når dei vil oppnå ein bestemt effekt. Påverknad frå framandspråk fremjar òg språkendringar. Det blir spesielt tydeleg i globaliseringstider. Engelsk er det språket som påverkar andre språk mest. I nesten alle språk finn du i dag engelske ord. Dei heiter anglisismar. Språkendringar har vorte kritiserte eller frykta heilt sidan antikken. Samstundes er språkendring eit positivt teikn. Fordi det syner: Språket vårt er levande – akkurat som vi!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Speborn les på lepane!
    Når speborn lærer å prate, ser dei på munnen til foreldra sine. Det har utviklingspsykologar funne ut. Når dei er om lag seks månader, byrjar babyar å lese på lepane. Slik lærer dei korleis dei må forme munnen for å lage lydar. Når borna er eitt år gamle, forstår dei allereie nokre ord. Frå denne alderen byrjar dei å sjå folk i augo att. Slik får dei mykje viktig informasjon. I augo ser dei om foreldra er glade eller triste. Gjennom det lærer dei å kjenne att kjensler. Det blir interessant når nokon pratar med dei på eit framandspråk! Då byrjar borna nemleg å lese på lepane att. Slik lærer dei å lage framande lydar òg. Difor bør du alltid sjå på babyar når du pratar med dei. Vidare treng speborn samtale for å utvikle språket sitt. Foreldre gjentek særs ofte det barnet seier. Slik får barnet ei tilbakemelding. Det er særs viktig for dei små borna. Då veit dei at dei blir forstått. Denne stadfestinga motiverer borna. Dei held fram å ha moro av å lære å prate. Det held altså ikkje å berre spela lydbøker for småborn. Studiar viser at speborn verkeleg kan lese på lepane. I eksperiment vart speborn viste filmar utan lyd. Det var filmar på morsmålet til barnet, og på framandspråk. Speborna såg på filmar på morsmålet i lengre tid. Dei var tydeleg meir merksame. Dei fyrste orda småborn seier, er dei same over heile verda. Mamma og pappa – det er lett å uttale på alle språk!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Læring endrar hjernen
    Den som driv mykje med sport, formar kroppen sin. Men det er tydelegvis mogleg å forme hjernen sin òg. Det tyder at den som vil lære språk, ikkje berre treng talent. Like viktig er det å øve jamnt. Fordi å øve har god påverknad på strukturar i hjernen. Sjølvsagt er språkøyra for det meste arveleg. Trass det kan intensiv trening endre visse hjernestrukturar. Storleiken på talesenteret aukar. Nervecellene hjå folk som øver mykje, blir òg endra. Lenge trudde vi at hjernen ikkje kan endrast. Vi trudde at det vi ikkje lærte som born, kom vi aldri til å lære. Hjerneforskarar har kome til ei heilt anna slutning. Dei kan vise at hjernen vår kan endrast heile livet. Du kan seie at hjernen fungerer som ein muskel. Difor kan han halde fram å vekse til langt opp i åra. Kvart sanseinntrykk blir handsama i hjernen. Når hjernen er godt trena, handsamar han inntrykk mykje betre. Det tyder at han arbeider snøggare og meir effektivt. Dette gjeld like mykje både hjå unge og gamle. Men du treng ikkje plent studere for at hjernen skal få trening. Lesing er òg god øving. Særleg er vanskeleg litteratur bra for språksenteret vårt. Det tyder at ordtilfanget vårt veks. Vidare blir språkkjensla vår betre. Det er interessant å merke seg at ikkje berre språksenteret arbeider med språk. Motorikkområdet handsamar òg nytt stoff. Difor er det viktig å stimulere heile hjernen så ofte som råd. Altså: Tren både hjernen OG kroppen!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språkutvikling
    Kvifor vi snakkar med kvarandre, er ganske klart. Vi vil utveksle idear og forstå einannan. Nøyaktig korleis språket oppsto, er ikkje fullt så klart. Det finst ulike teoriar om det. Det er i alle fall sikkert at språk er eit særs gamalt fenomen. Visse fysiske eigenskapar var ein føresetnad for språk. Dei var naudsynte for at vi skulle kunne lage lydar. Allereie neandertalane hadde evne til å bruke røysta si. Gjennom det var dei annleis enn dyra. I tillegg var ei kraftig, fast røyst ein fordel når dei skulle forsvare seg. Med røysta kunne dei truge eller skremme fiendar. Den gongen fanst det allereie verkty, og elden var teken i bruk. Denne kunnskapen måtte gjevast vidare på ein eller annan måte. Språket var viktig for å kunne jakte i grupper òg. Så tidleg som for to millionar år sidan var det ei grunnleggjande forståing mellom menneske. Dei fyrste språklege elementa var teikn og rørsler. Men menneska ville forstå einannan i mørkret òg. Difor måtte dei kunne snakke med kvarandre utan å sjå kvarandre. Difor utvikla røysta seg, og erstatta teikna. Det vi meinar med språk, er minst 50.000 år gamalt. Då homo sapiens forlet Afrika, spreidde arten seg over heile verda. Språka i ulike område skilde lag. Det vil seie at ulike språkfamiliar oppstod. Rett nok inneheld dei berre grunnlaget for språksystem. Dei fyrste språka var langt mindre innfløkte enn språk i dag. Gjennom grammatikk, fonologi og semantikk vart dei vidareutvikla. Du kan seie at ulike språk har ulike løysingar. Problemet har alltid vore det same: Korleis skal eg vise kva eg tenkjer?
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Å prate med seg sjølv
    Når nokon pratar med seg sjølv, er det mest komisk for dei som høyrer på. Likevel pratar nesten alle menneske med seg sjølv rett som det er. Psykologar reknar med at meir enn 95 prosent av vaksne gjer det. Born pratar nesten alltid med seg sjølve når dei leikjer. Å prate med seg sjølv er atlså heilt normalt. Her handlar det om ein spesiell form for kommunikasjon. Og det har fleire fordeler å prate med seg sjølv av og til! Fordi gjennom språket ordnar vi tankane våre. Når vi pratar med oss sjølve, bryt den indre stemma ut. Du kan seie at det handlar om å tenkje høgt. Tankespreidde eller distre folk pratar særleg ofte med seg sjølve. Hjå dei er eit bestemt område i hjernen mindre aktivt. Difor er dei dårlegare organiserte. Når dei pratar med seg sjølve, hjelper dei seg sjølve å planleggje. Å prate med oss sjølve kan òg hjelpe oss å kome til ei avgjerd. Og det er ein særs god metode å stresse ned på. Når du pratar med deg sjølv, aukar du konsentrasjonen og yteevna. Fordi det tek lengre tid å seie noko høgt enn å berre tenkje det. Vi er meir klar over tankane våre når vi seier dei høgt. Vi løyser vanskelege prøver betre når vi pratar med oss sjølve undervegs. Det har ulike eksperiment vist. Vi kan òg setje mot i oss sjølve ved å snakke med oss sjølve. Fleire idrettsfolk pratar med seg sjølve for å motivere seg. Diverre pratar vi mest med oss sjølve i negative situasjonar. Difor burde vi alltid prøve å formulere alt positivt. Og vi må ofte seie oppatt kva vi ynskjer oss. Slik kan vi påverke handlingane våre positivt gjennom å prate med oss sjølve. Det fungerer diverre berre når vi er realistiske!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språkgeni
    Dei fleste menneske gledar seg over å kunne lære eit framandspråk. Men det finst menneske som meistrar over 70 språk. Dei kan prate alle desse språka flytande, og skrive dei korrekt. Du kan altså seie at det finst hyperpolyglotte menneske. Fenomenet å vere fleirspråkleg har vore kjent i mange hundre år. Det finst fleire historier om menneske med ei slik gåve. Kor denne gåva kjem frå, er ikkje nøye utforska. I vitskapen finst det til no fleire teoriar. Nokon meiner at hjernen til fleirspråklege har ein annan struktur. Denne skilnaden ser spesielt tydeleg i Brocas område. I dette området i hjernen blir språket til. Hjå fleirspråklege er cellene i dette området annleis oppbygde. Det er mogleg at dei difor kan handsame informasjon betre. Det finst ikkje fleire studiar som kan stadfeste dette. Kanskje har berre ein spesielt høg motivasjon noko å seie. Born lærer framandspråk særs raskt frå andre born. Det er fordi dei gjerne vil vere med i leiken. Dei vil vere ein del av gruppa, og vil kommunisere med andre. Læremeistringa deira avheng dermed av viljen til å bli inkludert. Ein annan teori peikar på at hjernemassen veks når vi lærer. Dermed blir det enklare å lære di meir vi har lært. Språk som er like einannan, er òg lettare å lære. Den som snakkar dansk, kan snøgt lære svensk eller norsk. Mange spørsmål har enno ikkje noko svar. Det som er sikkert, er at intelligens ikkje spelar noko rolle. Mange menneske snakkar mange språk trass lågare intellingens. Men sjølv det største språkgeni treng mykje disiplin. Og det er til trøyst, ikkje sant?
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språktalentet babyen
    Alt før dei kan snakke, veit speborn mykje om språk. Det har ulike eksperiment vist. I spesielle spebornslaboratorium blir det forska på korleis born utviklar seg. Det blir òg undersøkt korleis born lærer språk. Babyar er tydeleg meir intelligente enn vi trudde før. Allereie når dei er seks månader har dei fleire språklege evner. Dei kan kjenne att morsmålet sitt, til dømes. Franske og tyske småborn reagerer ulikt på visse tonar. Ulike trykkleggingar gjev ulik åtferd. Småborn har altså ei kjensle for tonelaget i språket sitt. Svært små born kan òg lære fleire ord. Foreldre er særs viktige for språkutviklinga til borna sine. Fordi speborn treng samhandling rett etter fødselen. Dei vil kommunisere med mamma og pappa. Men samhandlinga må ha positive kjensler. Foreldre bør ikkje vere stressa når de pratar med barnet sitt. Det er heller ikkje bra om dei pratar berre litt med barnet. Stress eller stille kan ha negative fylgjer for speborn. Språkutviklinga deira kan bli påverka ugunstig. Læringa for speborn byrjar allereie i livmora! Allereie før dei er fødde, reagerer dei på språk. Dei kan oppfatte akustiske signal nøyaktig. Etter fødselen kan dei kjenne att desse signala. Ufødde babyar lærer òg rytmen i språk. Dei kan høyre stemma til mor si tydeleg i livmora. Altså kan du prate med born før dei er fødde. Men ikkje overdriv... Barnet har rikeleg med tid å øve etter fødselen!
     
    وضعیت
    موضوع بسته شده است.
    بالا