▓▓ Egen norsk ▓▓

وضعیت
موضوع بسته شده است.

☾♔TALAYEH_A♔☽

کاربر نگاه دانلود
کاربر نگاه دانلود
عضویت
2017/05/18
ارسالی ها
35,488
امتیاز واکنش
104,218
امتیاز
1,376
Ukjende språk
I verda finst det fleire tusen ulike språk. Språkforskarar reknar med at det er 6.000 til 7.000. Men det nøyaktige talet veit vi enno ikkje. Det er fordi det framleis finst mange uoppdaga språk. Desse språka blir mest tala i avsides område. Eit døme kan vere Amazonas-området. Der finst det enno mange folk som lever isolert. Dei har ingen kontakt med andre kulturar. Likevel har dei alle sine eigne språk, sjølvsagt. Det finst ukjende språk i andre delar av verda òg. Vi veit framleis ikkje kor mange språk det er i Sentral-Afrika. Og Ny-Guinea er ikkje nøye utforska, språkleg sett. Det er alltid ein sensasjon når eit nytt språk blir oppdaga. For om lag to år sidan oppdaga forskarane språket koro. Koro blir tala i små landsbyar nord i India. Berre om lag 1.000 menneske meistrar dette språket. Det blir berre brukt i tale. Koro finst ikkje som skriftspråk. Forskarane er i stuss over korleis koro har overlevd så lenge. Koro høyrer til dei tibeto-burmanske språka. Det finst om lag 300 av desse språka i heile Asia. Men koro er ikkje nærskyld med nokon av desse språka. Det tyder at det må ha ei heilt eiga historie. Diverre døyr små språk snøgt ut. Av og til forsvinn eit språk i løpet av berre ein generasjon. Difor har forskarar ofte lite tid til å studere dei. Men det finst litt von for koro. Det skal dokumenterast i ei lyd-ordbok...
 
  • پیشنهادات
  • ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Minoritetsspråk i Europa
    I Europa blir det tala mange ulike språk. Dei fleste av dei er indoeuropeiske språk. I tillegg til dei store nasjonalspråka, finst det mange mindre språk. Dei er minoritetsspråk. Minoritetsspråka skil seg frå dei offisielle språka. Men dei er ikkje dialektar. Dei er ikkje innvandrarspråk heller. Minoritetsspråk er alltid etnisk bestemte. Det tyder at dei er språka til visse folkegrupper. I Europa finst det minoritetsspråk i nesten alle land. Det tyder om lag 40 språk innan EU. Nokre minoritetsspråk blir berre tala i eitt land. Mellom dei høyrer til dømes sorbisk i Tyskland. Romani har derimot språkbrukarar i mange europeiske land. Minoritetsspråk har ein spesiell status. Fordi dei blir berre brukte av ei relativt lita gruppe. Desse gruppene har ikkje råd til å byggje eigne skular. Det er også vanskeleg for dei å gje ut eigen litteratur. Difor er mange minoritetsspråk utryddingstruga. EU vil ta vare på minoritetsspråka. Fordi kvart språk er ein viktig del av kulturen eller identiteten. Nokre nasjonar har ingen stat, og finst berre som minoritet. Ulike program og prosjekt skal fremje språka deira. Slik vil dei ta vare på kulturen til mindre etniske grupper. Trass dette vil nokre minoritetsspråk snart døy ut. Mellom desse er livisk, som blir brukt i eit område i Latvia. Berre om lag 20 menneske har livisk som morsmål. Dermed er livisk eit av dei minste språka i Europa...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Kvinner er flinkare i språk enn menn!
    Kvinner er like intelligente som menn. I gjennomsnitt har dei same intelligenskvotient. Likevel har kjønna ulik kompetanse. For eksempel er menn betre til å tenkje tredimensjonalt. Dei løyser òg oftast matematiske problem betre. Kvinner, derimot, har betre minne. Og dei meistrar språk betre. Kvinner gjer færre feil i rettskriving og grammatikk. Dei har også eit større ordforråd, og les meir flytande. Difor gjer dei det ofte betre i språktestar. Grunnen til det språklege forspranget til kvinner ligg i hjernen. Den mannlege og kvinnelege hjernen er annleis organisert. Den venstre hjernehalvdelen er ansvarleg for språk. Dette området kontrollerer språklege prosessar. Trass dette nyttar kvinner båe hjernehalvdelar når dei handsamar språk. Hjernehalvdelane deira er òg flinkare til å utveksle idear. Den kvinnelege hjernen er altså meir aktiv når han handsamar språk. Og kvinner kan handsame språk meir effektivt. Vi veit ikkje korleis hjernane skil seg frå kvarandre. Nokre forskarar meinar at biologien er grunnen til det. Kvinnelege og mannlege gen påverkar korleis hjernen utviklar seg. Hormona gjer òg til at kvinner og menn er slik dei er. Andre seier at oppveksten påverkar utviklinga vår. Det er fordi småjenter blir prata og lesne til meir. Smågutar, på hi sida, får fleire tekniske leiker. Så det kan vere at omgjevnadene våre formar hjernen vår. Det finst likevel visse skilnader i verda som talar mot dette. Og born blir oppdregne ulikt i kvar kultur...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språkbyte = personlegdomsbyte
    Språket vårt høyrer oss til. Det er ein viktig del av personlegdomen vår. Men mange menneske pratar fleire språk. Tyder det at dei har fleire personlegdomar? Forskarar trur: ja! Når vi endrar språk, endrar vi òg personlegdomen vår. Det vil seie at vi ber oss annleis åt. Amerikanske forskarar har funne ut dette. Dei studerte åtferda til tospråklege kvinner. Desse kvinnene vaks opp med engelsk og spansk. Dei kjente båe språk og kulturar like godt. Likevel var åtferda avhengig av språket. Når dei snakka spansk, var kvinnene meir sjølvsikre. Dei kjende seg vel når folk rundt dei snakka spansk. Så, når dei prata engelsk, endra kvinnene åtferd. Dei var mindre sjølvsikre og ofte usikre. Forskarane merka seg at kvinnene såg ut til å vere meir einsame. Så det språket vi snakkar, verkar inn på åtferda vår. Forskarane veit enno ikkje kvifor. Kanskje vi orienterer oss etter kulturelle normer. Når vi pratar, tenkjer vi på kulturen språket kjem frå. Det skjer heilt automatisk. Difor prøver vi å tilpasse oss kulturen. Vi ber oss åt slik det er vanleg i den kulturen. I eksperiment var kinesiske språkbrukarar særs tilbakehaldne. Når dei så snakka engelsk, vart dei meir opne. Kanskje endrar vi åtferda vår for å integrere oss betre. Vi vil vere lik dei vi snakkar med...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Kven forstår kven?
    Det er om lag 7 milliardar menneske i verda. Dei har alle eit språk. Uheldigvis er det ikkje alltid same språket. Så for å prate med folk frå andre nasjonar, må vi lære språk. Det er ofte særs slitsamt. Men det finst språk som liknar mykje på kvarandre. Språkbrukarane forstår kvarandre utan å meistre det andre språket. Dette fenomenet heiter gjensidig forståing. Vi skil mellom to variantar. Den fyrste varianten er munnleg gjensidig forståing. Her forstår språkbrukarane einannan, når dei snakkar. Likevel forstår dei ikkje den skriftlege forma av det andre språket. Det er fordi språka har ulike skriftformer. Eit døme på det er språka hindi og urdu. Skriftleg gjensidig forståing er den andre varianten. Her blir det andre språket forstått i skriftleg form. Men når språkbrukarane snakkar, forstår dei einannan dårleg. Grunnen til det er at dei har veldig ulik uttale. Nederlandsk og tysk er døme på det. Dei nærast skylde språka har båe variantane. Det tyder at dei er gjensidig forståelege både munnleg og skriftleg. Russisk og ukrainsk, eller thai og laotisk, er døme på det. Men det finst òg ei asymmetrisk for for gjensidig forståing. Det er tilfellet der språkbrukarane forstår kvarandre ulikt godt. Portugisarar forstår spanjolar betre enn spanjolar forstår portugisarar. Og austerrikarar forstår tyskarar betre enn andre vegen. I desse tilfella er uttalen eller dialekten eit hinder. Den som verkeleg vil ha gode samtaler, må lære noko nytt...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Minnet treng språk
    Dei fleste hugsar fyrste skuledagen sin. Men kva som kom før der, hugsar dei ikkje lenger. Frå dei fyrste leveåra våre har vi nesten ikkje noko minne. Men kvifor er det slik? Kvifor kan vi ikkje hugse det vi opplevde som speborn? Grunnen til det ligg i utviklinga vår. Språk og minne utviklar seg omtrent på same tid. Og for å hugse noko, treng mennesket språk. Det tyder at vi må ha ord for det vi opplever. Forskarar har gjennomført ulike testar med born. Då oppdaga dei noko interessant. Så snart born lærer å prate, gløymer dei alt som var før. Starten på språket er altså starten på minnet. I dei tre fyrste leveåra sine lærer born særs mykje. Dei opplever kvar dag nye ting. I denne alderen gjer dei mange viktige erfaringar. Likevel går alt dette tapt. Psykologar kallar dette fenomenet infantil amnesi, barnleg minnetap. Berre dei tinga som barnet kan setje namn på, blir verande. Det sjølvbiografiske minnet lagrar personlege opplevingar. Det fungerer som ei dagbok. Alt som er viktig i livet vårt, blir lagra der. På denne måten formar det sjølvbiografiske minnet identiteten vår. Men denne utviklinga avheng av morsmålslæringa. Og vi kan berre aktivere minnet vårt gjennom språket vårt. Dei tinga vi har opplevd som spebarn, er sjølvsagt ikkje verkeleg borte. Dei er lagra ein stad i hjernen vår. Vi kan berre ikkje få tak i dei meir... - det er vel synd, ikkje sant?
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Konstruerte språk
    Med språka vil vi uttrykkje det vi tenkjer og føler. Så forståing er den viktigaste oppgåva til språket. Men nokre gonger vil ikkje menneska bli forstått av alle andre. Då finn dei opp konstruerte språk. Konstruerte språk har fascinert menneske i mange tusen år. Julius Cæsar hadde til dømes sitt eige konstruerte språk. Han sende koda meldingar til alle delar av riket sitt. Fiendane hans kunne ikkje lese dei koda nyhenda. Konstruerte språk er verna kommunikasjon. Med konstruerte språk distanserer vi oss frå andre. Vi viser at vi høyrer til ei eksklusiv gruppe. Det er ulike grunnar til at vi brukar konstruerte språk. Kjærastar har til alle tider skrive løynbrev. Nokre yrkesgrupper har også alltid hatt sine eigne språk. Så finst det språk for magikarar, tjuvar og kjøpmenn. Men konstruerte språk blir oftast brukt til politiske føremål. I mest alle krigar har det vorte brukt konstruerte språk. Militæret og etteretningstenestene har eigne ekspertar på konstruerte språk. Kryptologi er vitskapen om å kode. Moderne kodar er bygde på kompliserte matematiske formlar. Dei er særs vanskelege å avkode. Liva våre ville vere utenkjelege utan konstruerte språk. Koda data blir brukt overalt i dag. Kredittkort og epostar - alt fungerer med kodar. Born synest løynspråk er spesielt spennande. Dei elskar å utveksle hemmelege meldingar med venene sine. Konstruerte språk er til og med nyttig for utviklinga deira... Dei fremjar kreativitet og språkkjensle!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Lange ord, korte ord
    Kor langt eit ord er, avheng av kor mykje informasjon det inneheld. Det er vist ved ein amerikansk studie. Forskarane undersøkte ord frå ti europeiske språk. Det skjedde med hjelp av ei datamaskin. Datamaskina køyrte eit program som analyserte forskjellige ord. Med ein formel rekna maskina ut informasjonsinnhaldet. Resultata var eintydige. Di kortare eit ord er, di mindre informasjon ber det. Det er interessant at vi brukar korte ord oftare enn lange. Grunnen kan vere effektiviteten til språket. Når vi snakkar, konsentrerer vi oss om det viktigaste. Difor må ord som inneheld lite informasjon, vere korte. Det garanterer at vi ikkje brukar for mykje tid på det uviktige. Samenhengen mellom lengd og innhald har endå ein fordel. Det sikrar at informasjonsinnhaldet er konstant. Det tyder at vi kan seie like mykje på eit visst tidsrom. For eksempel kan vi bruke få lange ord. Eller vi kan bruke mange korte ord. Det spelar inga rolle kva vi vel: Informasjonsinnhaldet er det same. Difor får språket vårt ein regelbunden rytme. Det gjer det lettare for tilhøyrarar å fylgje oss. Viss informasjonsmengda alltid varierte, ville det vere vanskeleg. Tilhøyrarane ville ha vanskar med å tilpasse seg språket vårt. Dermed ville forståinga vorte vanskelegare. Den som vil bli best mogleg forstått, bør velje korte ord. Sidan korte ord blir betre forstått enn lange. Difor gjeld prinsippet "keep it short and simple!" Forkorta: KISS!
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Språket til forfedrane våre
    Språkforskarar kan analysere moderne språk. Dei brukar ulike metodar til å gjere det. Men korleis snakka menneske for fleire tusen år sidan? Det er mykje vanskelegare å svare på det spørsmålet. Likevel har forskarane sysla med det lenge. Dei vil utforske korleis folk snakka tidlegare. For å få til det, prøver dei å rekonstruere gamle språkformer. Amerikanske forskarar har no gjort ei spennande oppdaging. Dei analyserte meir enn 2.000 språk. Dei analyserte spesielt setningsbygnaden til språka. Funna deira var særs interessante. Om lag halvparten av språka hadde setningsbygnaden S-O-V. Det vil seie at det gjeld prinsippet subjekt, objekt, verb. Meir enn 700 språk fylgte mønsteret S-V-O. Og om lag 160 språk brukte systemet V-S-O. Berre om lag 40 språk brukte V-O-S. 120 språk hadde blandingsformer. På andre sida er O-V-S og O-S-V mykje sjeldnare system. Dei fleste av dei undersøkte språka brukar altså S-O-V-prinsippet. Til dei høyrer til dømes persisk, japansk og tyrkisk. Likevel fylgjer dei fleste levande språka S-V-O-mønsteret. I den indogermanske språkfamilien dominerer denne setningsbygnaden. Forskarane trur at S-O-V-modellen vart brukt tidlegare. Alle språk er bygde på dette systemet. Men så skilde språka seg frå kvarandre. Vi veit ikkje korleis det skjedde. Men variasjonane i setningsbygnaden må ha hatt ein grunn. For i evolusjonen vil berre det som har fordelar, overleve...
     

    ☾♔TALAYEH_A♔☽

    کاربر نگاه دانلود
    کاربر نگاه دانلود
    عضویت
    2017/05/18
    ارسالی ها
    35,488
    امتیاز واکنش
    104,218
    امتیاز
    1,376
    Kjensler snakkar forskjellige språk!
    I verda blir det snakka mange forskjellige språk. Det finst ikkje noko universelt menneskeleg språk. Men korleis er det med ansiktsuttrykka våre? Er kjenslespråket universelt? Nei, her òg finst det skilnader! Lenge trudde vi at alle menneske uttrykte kjensler likt. Mimikken og ansiktsuttrykka vart rekna for å vere forståelege overalt. Charles Darwin trudde at kjensler var livsviktige for menneske. Difor måtte dei forståast likt i alle kulturar. Men nye studiar gjort andre oppdagingar. Dei viser at det finst skilnader i kjenslespråket. Det vil seie at ansiktsuttrykka blir påverka av kulturen vår. Difor viser og tolkar menneske over heile verda kjensler på ulik måte. Forskarar skil mellom seks grunnleggjande kjensler. Det er glede, sorg, sinne, avsky, redsle og overrasking. Europearar har andre ansiktsuttrykk enn asiatar. Og dei les ulike ting frå dei same ansiktsuttrykka. Det er stadfesta i ulike eksperiment. Der vart testpersonar viste ansikt på ei datamaskin. Så skulle dei skildre kva dei las i ansikta. Det er mange grunnar til at resultata var ulike. Kjensler blir uttrykte sterkare i nokre kulturar enn i andre. Difor blir intensiteten i ansiktsuttrykka ikkje forstått likt overalt. Og menneske frå ulike kulturar legg vekt på ulike ting. Asiatar konsentrerer seg om augo når dei les ansiktsuttrykk. Europearar og amerikanarar ser derimot meir på munnen. Det finst eitt ansiktsuttrykk som blir forstått i alle kulturar... Og det er eit fint smil!
     
    وضعیت
    موضوع بسته شده است.
    بالا